Du er her:


Hydrogenproduksjon på Aukra – grønt prosjekt?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Om det skal bli ei framtid for Aukra må det til hydrogenproduksjon, seiar ordførar Nilssen i Aukra. Vi må vere med på den grøne bølgja, istemmer investeringsdirektør Løken frå Aker Horizons. 

Kor grønt og miljøvennleg er dette prosjektet? Det er i grunnen to måtar å produsere hydrogen på. Anten bruker ein straum for å spalte vatn til hydrogen og oksygen, eller så delar ein fossilgassmolekyl slik at ein tar ut hydrogen og blir sitjande att med CO2. Begge prosessane krev tilført energi.

Viss ein nytter seg av straum produsert t.d. av vindturbinar eller solceller på stader der ein ikkje kan få transportert straumen gjennom linenett til den som har bruk for han, vil hydrogenproduksjon vere interessant. Viss det er greitt å dekke heile Aukra eller nokon annan stad med vindturbinar eller solcellepanel. Det er jo ikkje sikkert det er det.

Å produsere hydrogen frå fossilgass blir uansett feil. Då tar ein ut karbon lagra i det lange krinslaupet og flytter det over til det korte. Det lange krinslaupet vil seie at det er danna på havbotnen for millionar av år sidan og kan bli der i millionar av år framover, i motsetnad til det korte der tømmerstokken rotnar og blir til ny tømmerstokk i løpet av nokre tiår.

Elles er ikkje hydrogen veldig effektiv samanlikna med t.d. straum. Viss ein køyrer ein motor direkte på straum og samanliknar dette med først å produsere hydrogen (30% svinn) for så å bruke hydrogenet på ein motor med 40-65% verknadsgrad, så er hydrogenløysinga ei veldig sløsing.

Det vil vere meir effektivt å bruke fossilgassen i ein motor direkte enn å lage hydrogen først. I båe høve blir det utslepp av CO2. Eksporterar ein fossilgassen til England, så er det der utsleppet kjem. Lagar ein hydrogen først, så blir utsleppet på Aukra.

Vil ein produsere hydrogen på Aukra, treng ein meir straum til Aukra. Eller ein må bruke av gassen i staden. Båe delar har dårleg innverknad på miljørekneskapen.

Produksjon av hydrogen på Aukra er verken grønt, miljøvennleg eller framtidsretta. Finn på noko anna!

 

Øystein Folden, leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Artikkelen ble sist oppdatert: 24.04.2021