Du er her:

Foto: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00000860

Foto: http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00000860

Myr eller gulrot?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Diskusjonen går om dyrking av myr. Kva er viktigast, å verne myra, klimaet eller bonden? Svaret er ikkje så enkelt, sidan svaret er det vi kanskje ikkje likar å få. Kva er så problemstillinga?

Det er i alle fall tre vesentlege sider ved myr som ein må ta stilling. Myr representerer eit lager av karbon, samla gjennom nokre tusen år etter siste istid. Gjer vi noko med myra, så kan dette karbonet sleppe ut. Vidare er svært mange myrer framleis verksame som fangarar av CO2. I tillegg til klimasida har ein også geologisk og biologisk mangfald knytt til myra. Det er ein del myrtypar som har vore utsette for inngrep over lang tid og som det dermed ikkje er igjen så mykje av.

Det er fleire måtar å dyrke myr på. Tidlegare dyrka ein overflata, etter kvart profilert så vatnet kunne renne av. Slike myrer vil over tid søkke fordi torva får luft og blir brote ned. Dette frigjer CO2. Viss ein snur myra slik at torva blir pakka ned og sanda kjem på toppen, så er det mogleg at frigjeringa av CO2 blir mindre. Viss ein då dyrkar gras på myra, kan ein også fange CO2 i den nye enga. Vi veit gjerne ikkje sikkert endå om dyrkajorda i slike høve held på og fangar like mykje CO2 som om myra er urørt.

På Smøla er eit av problema at det ikkje er sand under myra, men fjell. Dermed er ikkje føresetnaden for omsnuing av myra til stades. Dessutan vil open åker som for gulrotdyrking frigjere ein del CO2 årleg, ikkje samle CO2 som enga kan gjere. Framtidig gulrotdyrking på myr på Smøla ligg dermed i den dårlege enden av skalaen på dei to viktigaste områda når det gjeld klimaverknad ved dyrking av myr.

Det er forskjellige typar myr på Smøla, men fleire av myrtypane har etter kvart blitt sjeldne. Det gjeld på Smøla og det gjeld på verdsbasis. I Nederland driv dei med kostbare restaureringsprosjekt i håp om å gjenskape nokre slike areal, sidan omtrent alt er tapt. På Smøla har det vore henta torv i mange hundre år. Store område er prega av slikt torvuttak. Ein god del myr er drenert og brukt til skogplanting. Betydelege areal har også vore dyrka, og ein del av dei dyrka areala er seinare lagt brakk sidan torva har smuldra vekk så grunnvatnet har blitt eit problem.

Det finst myrareal på Smøla som er såpass øydelagt av inngrep at det ikkje gjer så mykje at dei blir dyrka. Men det er vesentleg at inngrepa på myr stoppar opp, så det blir igjen store nok areal til at myrene fungerer.

Det er ingen andre område som kan ta over ansvaret for myrene slik at Smøla kan gjere ende på sine. Men det finst heilt klart andre stader der det kan dyrkast gulrot. Det er ganske avgjerande. Både klimagassrekneskapen og verneverdiane knytt til spesielle myrtypar peikar klart i retning av at gulrotdyrkinga på Smøla ikkje kan halde fram med å dyrke ny myr. Det er sjølvsagt ugreitt for dei som dyrkar gulrot på Smøla.

Det har vore vanleg for bonden at garden skal leverast til neste generasjon i betre tilstand enn han sjølv fekk han. På Smøla bruker ein opp myra og leverer frå seg vassjuk jord på fjellgrunn. Når det bidrar til klimagassutslepp som om nokre hundre år vil setje store delar av Smøla under vatn, så er det slett ikkje greitt.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal