Du er her:

Tjeldbergodden

Skape verdiar?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Kva vil det seie å skape verdiar? Finn Backer i KNN Kristiansund seier i eit innlegg nyleg at fossilgass gir enorme moglegheiter til verdiskaping. Backer bommer stygt. Naturen har skapt verdiane som ligger under havbotnen. Backer sine gassvenner plyndrar dei naturlege lagra og meiner attpå at dei driver verdiskaping. Det er ei stor mistyding av kva verdiskaping er for noko. Når utsleppa sjølv frå fossilgassen er meir enn det kloden vår tåler, så plyndrar gassgjengen også framtidige generasjonar for deira sine moglegheiter til eit godt liv.

Fossilgass er potensiell drivkraft i framtidig, grøn norsk industri, seier Backer. Ein industri kan ikkje bli grøn når råstoffbruken øydelegg kloden, og ordet naturgass er i grunnen berre lureri for at det skal høyrast betre ut. Gassen er naturleg der han ligg på havsens botn, blir han rana frå lagra der nede, er og blir dette fossilgass. Det er knapt nokon produksjon som kan bli «grøn» med eit slikt råstoff.

Backer vil endatil gjere om fossilgass til hydrogen. Hydrogen blir marknadsført i mange samanhengar som den utsleppsfrie løysinga, men då kan ein ikkje lage hydrogen av fossilgass. Hydrogen som skal nyttast til utsleppsfrie løysingar må nok produserast med heilt anna råstoff enn det som kjem gjennom gassrøyra i Nordsjøen.

Dei som vil rane fossilgassen for å tene pengar på det og til og med forlangar tilrettelegging og investeringshjelp frå andre, dei bør ein ikkje høyre på.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal