Du er her:

Naturvernforbundet

Foto: Eivind Trædal. Foto: Flickr/D1v1d

Utsleppa frå Ormen Lange

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

For ein del år tilbake kom det ei pakke i posten. Portoen var på over hundre kroner og innhaldet var søknaden frå Ormen Lange om utsleppsløyve.

Søknader om utsleppsløyve er ofte kompliserte, og denne var ikkje noko unnatak. Naturvernforbundet har nok tilgang til ein del av kompetansen som skal til for å vurdere noko slikt. Men vi har ikkje ressursar så folk med slik kompetanse kan arbeide i dagevis. Det er stort sett ikkje nokon andre organisasjonar som har kompetanse eller ressursar til å vurdere dette heller.

Naturvernforbundet sin konklusjon var at her må samfunnet ta ansvar og kontrollere at utsleppa ikkje blir større enn dei  må vere og at dei kan vere forsvarlege. Det som no er Miljødirektoratet skal vere samfunnet sin reiskap for å passe på slikt.

Det er no kjent at Ormen Lange sidan 2008 har hatt utslepp opp til ni gonger det som var i løyvet. Det kjem også fram at Miljødirektoratet har visst om dette heile tida.

Vi trudde at Miljødirektoratet med sin kompetanse ville passe på oss slik at verken folk eller natur blir utsett for overgrep frå ein oljegigant. Vi tok feil.

Finst det fleire tilfelle der Miljødirektoratet  ser mellom fingrane på utslepp? Er det slik at små utslepp blir passa på og får si påtale om noko er gale, men når verksemda er stor nok får ho lov til alt? Kva meir er det Ormen Lange ikkje har fortald oss? Det er nødvendig at nokon utanfrå tar ein titt både på Miljødirektoratet si verksemd og ikkje minst Ormen Lange. Slik kan vi ikkje ha det.

 

Øystein Folden, Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Artikkelen ble sist oppdatert: 21.11.2014