Du er her:

Villeiande marknadsføring av straum

Klage frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Forbrukerombodet.

I Tidens Krav av 20.10.2011 går det fram at selskapet For Better Days vil selje straum. I avisartikkelen blir det redaksjonelt brukt uttrykk som

”Nytt norsk miljøenergiselskap som bare skal selge helt ren strøm”

”Grønn energi:”

”Daglig leder Sandro Parmeggiani i det nye miljøenergiselskapet …”

”Neas og Sparebanken med Norges første miljøenergiselskap”

”Hvordan kan dere garantere at det kun er grønn energi kundene til For Better Days får?”

”Nordmøre Energiverk og Sparebank 1 Nordvest har spyttet i millioner for å benytte nordmørsk natur til å selge grønn kraft.”

Dette er ikkje betalt reklame, men redaksjonelt handsama. Det vil forundre oss stort om journalisten sjølv har kome på alle desse omgrepa som er forbode i marknadsføring av straum til hushaldningane. Dette har truleg journalisten fått servert og så brukt det ukritisk. Dette er i beste fall ”ureint trav” frå straumselskapet.

På www.vg.no dukker så annonse for dette prosjektet opp:
http://www.fbd.no/?utm_source=banner&utm_medium=banner&utm_campaign=lansering

I denne reklamen blir selskapet presentert tydeleg som ”miljøenergiselskap”. Vidare blir ”ren” brukt om straumen dei sel.
Det er i denne reklamen også ein film. I filmen bruker dei eit vassdrag som kulisse og vel så det. Med det produktet dei sel så burde det ha vore eit vassdrag som var lagt i røyr, med ein liten sildreskvett igjen som minstevassføring. Men dei har vald ut eit av dei mektigaste fosselandskapa vi har, Åmotan i Sunndal. Berga med nød og neppe frå kraftutbygging gjennom ein av verneplanane. Mange av dei kilowattimane For Better Days vil selje har sett slik ut før dei blei lagde i røyr, og marknadsføringa er ei direkte hån mot dei som ikkje lenger har vilt vatn å sjå på.

Naturvernforbundet meiner denne marknadsføringa er i strid med ”Forbrukerombudet, 1. mars 2009 Veiledning for bruk av miljøpåstander i markedsføringen av energi til boligoppvarming” Om vi ikkje husker feil så har vi ved fleire høve hatt kontakt med NEAS (Nordmøre Energiverk AS) som er morselskapet til For Better Days om dette temaet tidlegare. 

I Kraftuttrykk nr 1/2010 som blir lagt ved saman med faktura til alle NEAS sine kundar finst det ein del påstandar. På side 5 er det i artikkelen "Du sparer miljøet .." brukt følgjande uttrykk

"... kommer fra miljøvennlig energiproduksjon ..."

I same artikkel finst også uttrykket "Andelen ren vannkraft ..."

På fakturaen står følgjande formulering: "Dette er miljøvennlig energi ..."

Når dette ikkje er første gongen, men gjentar seg, ber vi Forbrukerombudet om å bruke dei sanksjonsmoglegheitene som finst, slik at NEAS og dotterselskap får ei forståing ein gong for alle om kva rammer som er sett for denne verksemda.

Artikkelen ble sist oppdatert: 30.12.2011