Det viktigaste

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Så er det gjort ei ny vurdering av lønsemda med bompengeinnkrevinga for Atlanterhavstunnelen. Kan det vere aktuelt å gå over til Autopass? Då vil ein betale for køyretøy og ikkje for passasjerane, mellom anna. Konklusjonen også denne gongen er visst nei. Ei slik endring «vil etter Arve Mjelva sin oppfatning skape et incentiv til anskaffelse av elbil, bruk av kollektivtransport eller sitte på som passasjer i øvrige kjøretøy», står det å lese i Tidens Krav. Arve Mjelva er dagleg leiar i Atlanterhavstunnelen.

Arve Mjelva har sikkert rett. Men det er eit spørsmål om kva som er viktigast, å betale ned tunnelen fort, eller å berge miljøet. Viss fleire skaffar seg elbil, bruker bussen og sit på fleire i ein bil, då har det ein positiv verknad for miljøet. I staden vel ein altså den andre løysinga fordi dette gir kortare nedbetalingstid for tunnelen.

Det ein sparar vil ein då i staden kunne bruke for å reparere på skadane som følgjer av at vi køyrer alt for mykje. Reparasjonsarbeid som vil krevjast kvart år i all framtid om det går gale med det store klimaprosjektet.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Artikkelen ble sist oppdatert: 03.06.2018