Du er her:

oppdrettslaks

Kva veit ein anonym røktar frå Smøla?

Svar på lesarinnlegg i Tidens Krav.

Ein røktar frå Smøla spør Naturvernforbundet etter dokumentasjon. Hadde han vore mindre anonym hadde det vore fristande med eit spørsmål i medhald av miljøinformasjonslova til verksemda han er tilsett i. Men vi får heller ta det i avisen, sjølv om det ikkje gjer oss rett til svar på same måten.

I samband med fiskeoppdrett blir det brukt medisinar på tamfisken. På medisinforpakninga står det noko om kor lang tid det må gå før ein kan nytte fisken til menneskemat etter at fisken har fått medisin. Nokre av medisinane blir gitt som ein del av fiskeforet. Tamfisken får ikkje tak i alt fiskeforet, så noko passerer rett gjennom mæra. Kring ein tidel av fiskeforet går til spille, ser det ut til. Naturvernforbundet sin enkle konklusjon er då at fisk som står under mæra får i seg ein del av dette medisinforet, og dei skulle vel då også hatt ei tilbakehaldstid på same måten som for tamfisken oppi mæra. Men som kjent er ikkje fisken under mæra utstyrt med merkelapp om når han har fått medisin sist, så det er aldri godt å vite korleis det står til med medisineringa.

Så var det dokumentasjonen. Der er det slik at den som driver med medisinering av fisk med t.d. teflubenzeron har plikt til å vite korleis denne medisinen virker på området rundt mæra. Det er såleis ikkje slik at Naturvernforbundet skal kome med dokumentasjon på at fisken rundt er giftig, men oppdrettaren skal kunne dokumentere at fisken og andre organismar rundt ikkje er giftig. Slikt burde ein fiskerøktar vite.

I 2010 blei det brukt 2028 kg av stoffet teflubenzeron i Noreg. Det virker slik at lakselusa ikkje får bygd opp skalet sitt. Hummer, krabbe og reker er mellom dei andre organismane som også skal bygge opp skal, og som venteleg kan bli påverka. Det er gjort målingar som tyder på at stoffa blir spreidd så mykje som ein kilometer frå oppdrettsanlegget.

Inntil vidare tvilar vi på om fiskerøktaren et sei frå utsida av mæra i den tida det ikkje er lov å ete tamfisken oppi mæra etter at han har fått medisin. I mangel av anna dokumentasjon kan jo det også vere ein slags dokumentasjon?

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Artikkelen ble sist oppdatert: 06.09.2011