Du er her:

Foto: Johan Fr. Schmedling

Båt som ligg i Dalasundet og held posisjonen med propellane. Dette gjer noko med ureininga på havbotnen. Foto: Johan Fr. Schmedling

Når ein skiter i eige reir

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Når kaiene blir fleire og landet innafor blir flatare, då skjer det også noko meir. Kva blir det fylt opp med innafor kaikanten? Kva forsvinn over kaikanten? Kva forsvinn over skutesida? Kva er det på botnen frå før? Kristiansund har eit aktivitetsnivå på dette området som krev at nokre passer på. Men kven passer på?

Naturvernforbundet har i fleire år stilt spørsmål til verksemda. Mange spørsmål. Og vi har fått nokre svar. Vi har også fått nokre nye spørsmål.

Den nye plana for Vikanholmen er illustrert med eit bilete av heile området. For den som ser nøye etter, så kan ein sjå to lastebiler stå i sjøkanten. I sjøkanten kan ein sjå at det breier seg ei sky av eit eller anna som har vore inne i lastebilane. Det er sjølvsagt ingen som har ansvar for desse to bilane. Men det går noko på sjøen, og det er i alle fall ingen som har løyve til utslepp på denne måten. Som illustrasjon er dette biletet framifrå. Meir kaifront, meir pannekake innafor, eit samansurium av eigarar og leigetakarar og drivarar og kva det no er, meir moglegheit for ureining, og ingen som i praksis har ansvar for noko som helst. Kommunen klappar og vil ha meir, og ser ikkje skitskya som breier seg.

For ei tid sidan blei det fylt ut noko på Husøya. Noko av det som hamna i fyllinga var betongrivingsavfall. Gamal betong kan vere rein, men han kan også innehalde mellom anna PCB og tungmetall. Naturvernforbundet tok opp saka med Fylkesmannen. Veidekke Industri AS har ikkje kjennskap til betongrestane, dei veit ikkje kven som har lagt dei der. Kva restane inneheld er uklart. Det har berre blitt slik.

West Navigator var inne til klassing for eit par år sidan. Då det låg der blei det også gjort arbeid på skutesida. Slikt skal gjerast i tørrdokk for å ta hand om alt det som blir fjerna av maling og andre stoff. Til slutt skal så avfallet samlast opp og leverast som farleg avfall, med kvittering for mengder og kven som tar hand om det. I dette høvet finst det ingenting om mengder og at det blei levert noko som helst. Kvar blei avfallet av? Forsvann det i sjøen? Arbeidet med West Navigator blei framstilt som framtida for Kristiansund. Politikarane kan få sagt det. Fylkesmannen blei utfordra på denne saka, men forsto ikkje kva dei burde gjere.

Fleire verksemder har tatt tak og gjennomfører tiltak slik at gamle synder i hamneområdet blir rydda i. Det er både nødvendig og bra. Etter slike tiltak blir det ofte nye kaier og ved kaia ligg det ofte fleire båtar. Når propellane går skjer det noko med havbotnen hos naboen som ikkje har tenkt å rydde opp. Tungmetall og anna ugreie blir virvla opp og kjem inn i vassmassane. Til ein viss grad må ein rekne med at det som alt er rydda kan bli negativt påverka på nytt. Det skulle ha vore litt meir heilskapleg arbeid på dette området, slik at ein kan løyse heile problemet.

Sjølv om Naturvernforbundet ikkje får stoppa desse sakene når dei skjer, så aukar vi merksemda rundt dette, og det blir stadig litt vanskelegare å ta snarveger. Det er ikkje valår i år, men ein kan røyste likevel ved å melde seg inn i Naturvernforbundet. Vi er hundre år i år, men framleis kvikke nok til at vi kan få gjort ein forskjell.

Johan Fredrik Schmedling og Øystein Folden, Naturvernforbundet

Artikkelen ble sist oppdatert: 27.01.2014