Du er her:

Naturvernforbundet spør Norgro AS om miljøinformasjon

Snegledreparproduktet Nemaslug skal virke mot brunskogsnegl. Naturvernforbundet spør kva anna det har effekt på.

Miljøinformasjonslova gir alle høve til å stille spørsmål om miljøforhold, både ved produkt og tenester. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har fleire gangar nytta denne lova til å få nyttig informasjon.

 

OPPDATERING:

I 2016 fekk Naturvernforbundet spørsmål frå eit medlem om kva svar som lurte på kva svar vi hadde fått.

Vidare var spørsmålet: Er det greit å bruke Nemaslug mot brunsnegler i kjøkkenhagen min?

 

Svar frå Naturvernforbundet:

Vi fekk aldri svar, og det er ikkje berre enkelt å finne rett adressat for slike spørsmål. Det er dessutan nokre der ute som ikkje har lyst til å svare på slike spørsmål.

Det vi reknar med kan vere sannsynleg er at ein ved å bruke Nemaslug ikkje berre tar livet av ein god del brunskogsnegl, men også andre snegleartar.

Sneglane er nyttedyr, då dei hjelper til med å bryte ned organisk materiale.

Viss vi dreper mange av sneglane, både dei vi mislikar, og altså ein del andre, så kan det moglegvis føre til andre typar problem.

Etter vanleg føre var-tankegang vil eg difor vere tilbakehaldande med å bruke Nemaslug. Den metoden vi er tryggast på er å ta hand om flest mogleg av brunskogsneglane med pølseklype eller liknande reiskap, og ta livet av dei ein får fanga.

Før eit område blir invadert av brunskogsnegl, vil ein ofte sjå at det aukar på med boakjølsnegl. Denne eter opp ein god del egg frå brunskogsneglen, og har det veldig bra når det kjem ein fortropp av brunskogsneglar. Blir det då lagt ut Nemaslug, tar vi sannsynlegvis livet av boakjølsneglen som altså er vår hjelper, og det er nok ikkje nokon fordel. Boakjølsneglen er elles også ein innført art, har vore hos oss i 100 år og ser ikkje ut til å vere noko stort problem.

Elles bør vi ta lærdom av brunskogsneglsaka. Når vi sparar pengar ved å ta snarvegar, så er det ofte ein nisse med på lasset. Import av framande artar, tilsikta eller utilsikta er ein risikosport som vi med fordel kan redusere kraftig. Når ein innser at ein har gjort ei tabbe på dette området, er det ofte for seint å gjere om igjen.

Artikkelen ble sist oppdatert: 11.06.2016