Du er her:

Naturvernforbundet vil ikkje ha asfaltverk på Husøya

Naturvernforbundet i Kristiansund og Averøy har i ei fråsegn til Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjort det klart at dei ønskjer at Husøya blir ført attende til LNF-område, altså at asfaltverket blir fjerna.

Naturvernforbundet meiner at denne etableringa ikkje skulle ha funne stad i første omgang, og at ho derfor ikkje bør vidareførast.

Vesentlege delar av Husøya bør førast tilbake til LNF-område slik at det kan vere ei viss buffersone mellom eventuell anna verksemd og det verna området på Fugløya. I Miljøverndepartementet si fråsegn dagsett 31.3.1992 låg det ei klar oppmoding om at dei aktuelle areala inntil det som no er verna naturreservat skulle førast tilbake til LNF- område. Dette har departementet langt på veg stadfesta i epost dagsett 26.10.2011.

Søknaden representerer verksemd som vil skje så nære inntil det verna området ein kan kome, og både verksemda og eventuelle ikkje planlagde følgjer av verksemda kan få store negative konsekvensar for naturverdiane både på Fugløya og Bolgleira. Verneområdet er lite og utan buffersone. Difor er det vesentleg at areala på Husøya på den delen som er nærast verneområdet blir brukt til verksemd som er fordelaktig for fuglelivet, og ikkje motsett.

Image
Fotograf: Naturvernforbundet

 

Image
Fotograf: Naturvernforbundet

 

Image
Fotograf: Naturvernforbundet

 

Image
Fotograf: Naturvernforbundet

 

Image
Fotograf: Naturvernforbundet

 

Image
Fotograf: Naturvernforbundet

 

Image
Fotograf: Naturvernforbundet

 

Image
Fotograf: Naturvernforbundet

 

Image
Fotograf: Naturvernforbundet

Artikkelen ble sist oppdatert: 30.12.2011