Du er her:

Naturområda sett frå eit lokaldemokratisk perspektiv


Foto: Jan Helge Rambjør
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.
Det er lovheimla ei rekkje lover som skal ta vare på naturareala våre og gje befolkninga tilgang til å nytte dei til friluftsliv og avkopling frå kvardagens krav. Då er me vel heldige som har slike lovheimla rettar i ein natur som er beskytta av ulike lovverk? Kva er det då ein organisasjon som Naturvernforbundet masar om? La oss sjå litt nærmare på det planlagde masseuttaket på Furneset. La oss gjere det i eit noko anna perspektiv enn berre utifrå dei naturfaglege kvalitetane og friluftslivet ein kan drive der. Kva kan hindre vidare bruk og oppleving der i framtida? Svaret heng sjølvsagt tett saman med eit spørsmål om økonomi. Tiltakshavarane vil tene pengar. Vestnes kommune vil tene pengar. Det er eit samarbeid mellom grunneigar, privat næringsliv, halvoffentleg næringsliv og ein kommune som treng kapital. Ein kommune som håpar at ein skal motverke minkande offentlege overføringar og ikkje vere heilt avhengig av ein konjunktursvingande skipsindustri.

At nokre av tiltakshavarane på Furneset tenkjer bedriftsøkonomisk er vel naturleg sett frå deira synspunkt. Om dei treng kapitalen på slike tvilsame vilkår er noko heilt anna. Det må tolast at nokon stiller kritiske spørsmål. At kommunen på same vis kastar seg på den reint bedriftsøkonomiske tanken, finn me i Naturvernforbundet enno meir problematisk. Kommunen er plikta til å tenkje langsiktig og ta vare på naturverdiane for komande generasjonar. Naturvernarar skjønar at ein som kommunepolitikar er ansvarleg for å fremje ein sunn kommuneøkonomi. Me skjønar òg at ein ikkje kan leve av tyttebærlyng og utsikta aleine. Kva som er sunt å satse på av næringsretta verksemd må derimot kunne diskuterast vidt og ikkje berre ut frå dei mest lettvinte utbyggarargumenta. I Vestnes er tungindustrielle tankar løysinga på nærast alt. Kva med å byrje å tenkje alternativ næringsutvikling, på parti med naturen, framfor å kjempe mot eller forringe landskap og brukarbehov? Diverre er det lokalpolitikarar som tenkjer i 4 års valperiodar som tek hand om spørsmåla knytt til naturområda og bruksrettane våre. Dette ser ein fungerar dårleg over nesten heile landet. Delegeringa frå sentrale mynde og ned til lokale nivå, er så langt eit feilgrep i naturforvaltninga.

Kvar kommune skulle hatt ei nøytral vergenemnd med rett til å verne naturområde og mangfaldet mot korttenkte politiske løysingar. Er det til dømes forsvarleg å seie ja til nesten alt av private tiltak fordi ein ynskjer å syne seg fram som ein positiv næringskommune? Er det forsvarleg å byggje ned delar av strandsona i Vestnes på tvers av sentrale lovføringar, fordi folk ynskjer det pga smale eigenbehov? Det bør vere meir omtanke for evige verdiar hjå ein politikar, enn kva ein forventar av private aktørar. Dersom ikkje Naturvernforbundet sine lokallag i Vestnes og Molde hadde engasjert seg i Furnes masseuttak, kor mange hadde då fått vite om konsekvensane og omfanget av planane før dei vart banka gjennom? Rett nok går planprosessen sin temmeleg løyndomsfulle gang. Det er mogleg å kome med innspel og å møte opp på opplysningsmøte. Like fullt er det høgst problematisk å nytte ordet lokaldemokrati eller medverknadsrett i slike høve. Bak ei dør og inni ein stillfarande planprosess er det lite rom for ekte lokaldemokrati. Kvifor kan ein ikkje ha folkerøysting om etableringar av oppdrettsanlegg, masseuttak, store skisenter, vassdragsutbyggingar etc.? Eller er det ikkje husrom nok for verkeleg lokaldemokrati i dette landet?

Medverknadsretten stoppar opp i planprosessar nærast ingen veit om, og ofte er den mest intense møteverksemda lagt til ein ferie. Difor må ein kunne fastslå at lokaldemokratiske borgarrettar ikkje vert ein naturleg del av ein slik planprosess som Furnes masseuttak, eller når det gjeld utbyggingar og nedbyggingar av naturareala meir generelt. Juridisk sett har ein sørgja for å ha sitt på det tørre. Saksgangen og informasjonsmengda ligg forankra i lovverket. Medborgarrett og brukshevd i samspel med dei evige verdiane handlar mykje om moralfilosofi og etiske føringar. Desse mentale prosessane inni oss nyt lite godt av finjussen. Den er laga for å tene makthavarar og deira endelause utbyggarprosjekt.

Naturvernforbundet i Vestnes

Leiar, Bernt Gjelsten

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen