Du er her:

Kva har vi av miljøkriminalitet i Møre og Romsdal?


Taretråling i Ullasundet i HaramFoto: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Onsdag 28. februar arrangerte Miljøforum, Politiet sitt samarbeidsorgan for miljøkriminalitet, eit dagsmøte i Molde. Naturvernforbundet presenterte organisasjonen og nokre døme på miljøkriminalitet.
Det var fylkesleiar Øystein Folden som representerte Naturvernforbundet. Han la fram nokre døme på miljøkriminalitet, som ulovleg avfallsdisponering og ulovleg motorferdsel i utmark. Dessuten nytta han høvet til å ta opp situasjonen når det gjeld saksbehandlinga av skogsvegar, dette er eit område der Naturvernforbundet har så dårlege røynsler at det er mogleg å stille spørsmål ved om alt som foregår er på rett side av lova.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet