Du er her:

Nei til massetak og knuseverk på Furneset i Vestnes!


Massetak gir store naturinngrep. Foto: Naturvernforbundet
Naturvernforbundet sine lokallag i Vestnes og Molde har saman gitt ei fråsegn til Vestnes kommune der dei frarår etablering av eit massetak på Furneset. Naturvernforbundet meiner dette området er for verdifullt til å øydeleggjast.
Naturvernforbundet peiker på at eit masseuttak av den storleiken som er planlagd på Furneset vil føre til ureining i form av støy, støv, avrenning og auka trafikk både på sjø og land. I tillegg vil det bli svært skjemmande estetisk sett. Inngrepet vil føre til store og varige sår i landskapet og vil bli godt synleg frå fleire kantar. Naturvernforbundet spør også om det er denne utsikta me ynskjer når me ser utover fjorden og panoramaet av Romsdalsfjell. - Området vil med eit slikt inngrep bli øydelagt for alltid, og framtidige generasjonar vil ikkje kunne ha glede av dette området slik me har i dag, meiner Naturvernforbundet.

Området mellom Furneset og Faksen er eit av dei mest urørte og unike områda me har i Vestnes. Det blir stadig færre område utan store menneskelege inngrep. Enno viktigare blir det difor å ta vare på dei få områda som no er igjen. Det er nemleg i slike urørte område me finn eit variert biologisk mangfald med sjeldne pattedyr, fisk, fuglar, plantar, sopp og lav. Registrerte raudlisteartar i dette området er mellom anna: oter, ål, havørn og kystdoggnål. Dette er truga og sårbare artar som me har eit spesielt ansvar for å ta vare på, noko som er umogleg dersom me ikkje vernar om leveområda deira. Noreg har forplikta seg til å stoppe alt tap av biologisk mangfald innan år 2010 gjennom den internasjonale kampanjen ”Countdown2010”. Dette er berre mogleg dersom myndigheitene, kommunane, næringar, forskings- og fagmiljø, frivillige organisasjonar og enkeltmenneske samarbeidar og tek eit krafttak for naturen. Så her har me alle eit ansvar!

Naturvernforbundet meinar òg det er grunn til å vere noko skeptisk til planane om å gjere området enno meir tilgjengeleg ved å opprette ein tursti frå Furneset til Faksen. Havørn, hønsehauk og oter er døme på artar som tek stor skade av at det blir oppretta turstiar i deira leveområde. Dette viser kor sårbare dei faktisk er. Naturvernforbundet meiner difor at området bør bevarast slik som det er i dag.

I tillegg til å vere eit viktig leveområde for dyr, fuglar, fisk og plantar, er dette eit mykje brukt friluftsområde. Delar av området er lett tilgjengeleg for lokalbefolkninga og er mykje nytta til turar, fiske og rekreasjon gjennom heile året. Alle lesarinnlegga i avisene den siste tida viser at dette er eit området som betyr mykje for mange. Eit område me ikkje har råd til å miste Underskriftskampanjen som me i Naturvernforbundet i Vestnes og Molde sette i gang i slutten av august, viser at det er eit stort engasjement hjå folk i denne saka.

Vestnes kommune har forskotert 200 000 kroner til konsekvensutgreiing for Furnes Masseuttak til Tomra Maskin. Dette er pengar som tiltakshavaren må betale tilbake dersom prosjektet blir realisert. Når ein kommune vedtek å forskotere midlar, legg dei press på seg sjølv og politikarane for å få desse pengane tilbake. Me meiner dette legg tydeleg føring for utfallet av saka, og at det difor er svært uheldig. Naturvernforbundet håpar likevel å bli høyrd og at ålmenta sine interesser og omsynet til det biologiske mangfaldet i området vil bli vektlagt.

Bernt Gjelsten er leiar i Naturvernforbundet i Vestnes. Han har telefon 97 18 60 58.

Japke Stobbe er leiar i Naturvernforbundet i Molde. Ho har telefon 92 02 67 13.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen