Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Vassdrag blir forureina av husdyrgjødsel - særleg når spreiinga skjer utanfor vekstsesongen. Foto: Naturvernforbundet

1. september er passande spreietidspunkt i Stranda

Stranda kommune har hatt ny forskrift for spreiing av husdyrgjødsel på høyring. Naturvernforbundet har gitt fråsegn.

Naturvernforbundet er oppteke av at det er viktig for landbruket å sikre tilstrekkelege gjødsellager, slik at spreiing av gjødsel blir eit tiltak for å auke matproduksjonen, ikkje for å løyse eit plassproblem. Gjødsel er ein verdifull ressurs på jorda i vekstsesongen, men eit forureiningsproblem i vatn og vassdrag.

 

Høyringsbrevet frå Stranda kommune:

From: Inge Bjørdal

Sent: Saturday, April 23, 2016 2:26 PM

To: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden

Subject: Høyring - forslag til ny, revidert lokal forskrift om Frist for spreiing av gjødselvarer av organisk, opphav på eng i Stranda kommune

 

 

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden

        

        

6630 TINGVOLL

 

 

 

    

 

Vår ref.: 16/353-5

Dykkar ref.:         

Arkiv: GBN - 00/00 

Dato: 19.04.2016

 

 

Høyring - forslag til ny, revidert lokal forskrift om Frist for spreiing av gjødselvarer av organisk, opphav på eng i Stranda kommune

    

 

Vedlagt oversender vi framlegg til ny, revidert Lokal forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk, opphav på eng i Stranda kommune, Møre og Romsdal til høyring.

 

Stranda kommune har tidlegare lokal forskrift (https://lovdata.no/dokument/JB/forskrift/2008-09-10-1651?q=Stranda%20kommune ), men Sunnylven bondelag har sendt inn forslag om endring av denne i brev av 20.01.2016 (sjå vedlegg).

 

Utvalet for Miljø og kommunalteknikk gjorde i møte 14.04.2016 (MK 027/16) følgjande samrøystes vedtak:

  1. Kommunen legg framlegg til justert lokal forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav på eng i Stranda kommune i 3 alternativ ut for høyring.

     
  2. Uttalefrist vert sett til 15. mai, 2016.

     
  3. Høyringsinstansar skal vere: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Geiranger bondelag, Liabygda bondelag, Stranda bondelag, Sunnylven bondelag og Møre og Romsdal naturvernforbund.

 

I samsvar med dette vedtaket vert revidert forskrift lagt ut på høyring fram i tre alternativ. Det eine alternativet er å halde på gjeldande forskrift og datoar (berre med mindre språklege justeringar).

 

Frist for merknader 6. juni, 2016 (utsett administrativt i høve til vedtaket ettersom regelverket ikkje treng vere på plass før til hausten, og sidan tida no frametter er ei travel tid for bøndene).

 

Merknader vert å sende til Stranda kommune på adressa som går fram nedst på brevet.

 

Med vennleg helsing

Stranda kommune

 

Inge Bjørdal

Næringssjef

 

Dette brevet er godkjent elektronisk i Stranda kommune og har derfor ikkje signatur.

 

 

Mottakar:

 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkeshuset

6404

MOLDE

Geiranger bondelag v/Karl Inge Lilleås

Hatlestadfjellvegen 451

6214

NORDDAL

Liabygda bondelag v/Einar Lied

Liagarden 32

6212

LIABYGDA

Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkeshuset

6404

MOLDE

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/Øystein Folden

          

6630

TINGVOLL

Stranda Bondelag v/Reidar Ove Overvoll

Dalevegen 1222

6200

STRANDA

Sunnylven Bondelag v/Peder Hellebostad

Bygda 924

6218

HELLESYLT

 

 

 

 

Kopi til:

 

          

 

 

 

 

Vedlegg:
Dok.dato


Tittel


Dok.ID

19.04.2016

Sunnylven Bondelag - Søknad om permanent utsetjing av spreiing av husdyrgjødsel

189456

19.04.2016

Lokal forskrift med forslag til endringar_revidert mars 2016 - alt. 1

191223

19.04.2016

Lokal forskrift med forslag til endringar_revidert mars 2016 - alt. 2

191224

19.04.2016

Lokal forskrift med forslag til endringar_revidert mars 2016 - alt. 3

191225

 

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 12.06.2016