Du er her:

Skjermdump frå NRK

Planane på Syltefjellet er godt dokumentert, dessverre er ikkje konsekvensane for naturmangfold like godt kartlagde.

Der ingen skulle tru at nokon kunne be - Naturvernforbundet krev reguleringsplan

Fjord kommune har i eit brev til fylkeskommunen tatt til orde for at etableringa av kloster på Syltefjellet kan gjerast som ein dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen. Naturvernforbundet viser til store naturverdiar i området og ber om at det blir lagt opp til ein grundig prosess.

Naturvernforbundet krev:
- Naturen i området må kartleggast. Det gjeld både klostertomta, stisystemet i området og skogen i eit større område som følgje av at ein ser det er store naturverdiar knytt til skogen.

- Det skal takast utgangspunkt i at det i tillegg vil vere kloster og tilhøyrande verksemd, slik det er omtala av søkjar.

- Det skal takast utgangspunkt i eit besøkstal på minimum 50 000 personar i året.

- Full sakshandsaming for reguleringsplan.

Utan kartlegging veit ein for lite om naturverdiane i området, og då vil det vere umogleg å kunne vurdere om fordelane med dispensasjon er større enn ulempene.

Artikkelen ble sist oppdatert: 18.04.2021