Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Drågen bru i Fræna - rive i 2015. Foto: Naturvernforbundet

Fræna kommune ønskjer ikkje å gi ut miljøinformasjon

I samband med rivinga av Drågen bru har Naturvernforbundet stilt to spørsmål om miljøvurderingar til Fræna kommune. Fræna kommune held attende informasjonen.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er generelt kritisk til manglande vurdering av konsekvensar for naturmangfald i samband med at brua er erstatta av røyr. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har dessutan bede om tre opplysningar:

1) Naturvernforbundet ønskjer å få tilsendt miljøsaneringsbeskrivelse for arbeidet.

2) Naturvernforbundet ber om dokumentasjon på kva materialar plankedekket på brua bestod av.

3) Naturvernforbundet ber om å få oversikt over kva avfall som er levert frå arbeidet, kor mykje og kvar.

Dette er opplysningar Naturvernforbundet har krav på å få etter miljøinformasjonsloven.

I og med at Fræna kommune ikkje har svart på kravet innan dei fristene som er gitt i miljøinformasjonsloven, har Naturvernforbundet sendt klage til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Artikkelen ble sist oppdatert: 13.09.2015