Du er her:

Fråsegn til oppstartsmelding for Klettelva

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Halsa kommune.

Naturvernforbundet vil peike på at ein god del av arealet består av myr. Nedbygging av myr vil oftast ha som verknad at karbon ikkje lenger blir verande i myra, i staden for at myra ville ha samla meir CO2 om ho fekk ligge i fred. Dette spørsmålet må få merksemd, og det må gjerast utrekningar når det gjeld verknad. Sidan det er mål om å bli nullutsleppssamfunn om nokre år, vil nye utslepp vere ugreitt.

 

Mykje av arealet er grøfta og planta til med gran. Sannsynlegvis er mesteparten av det ein kan rekne med av artsmangfald negativt påverka og kan hende borte. Men det kan framleis vere noko igjen, kanskje særleg knytt til vassdraget i området. Vi veit ikkje kva som kan vere undersøkt frå tidlegare, men det ligg ikkje noko på Artskart som tyder på at det er gjort undersøkingar. Viss ikkje noko anna blir dokumentert, meiner vi difor det er nødvendig at det blir gjort ei ny biologisk kartlegging av området.

Artikkelen ble sist oppdatert: 07.03.2020