Du er her:

Gutt i sunnmørsalpene

Foto: Arnodd Håpnes

Fråsegn til søknad om løyve til motorferdsel - Universitetet i Oslo

Naturvernforbundet har ingen innvendingar til søknaden Ørsta kommune har sendt på høyring.

Naturvernforbundet er nøgd med å sjå ein søknad som kjem i relativt god tid på førehand, gjeld eit område som har trafikk frå før og har eit føremål som er greitt grunngjeve.

Naturvernforbundet har ingen innvendingar til søknaden.

Det betyr sannsynlegvis ikkje så mykje i denne saka, men kan heller reknast som eit ønskje for generelt å redusere verknaden av uønska motorferdsel. Difor vil Naturvernforbundet oppmode søkaren i samarbeid med kommunen til:

Å lage ein kort notis eigna til å legge inn på kommunen si nettside om tidspunkt for flyginga, og kort om kva flyginga gjeld. Viss ein slik notis blir lagt ut på kommunen si nettside veka før flyging, så veit i alle fall dei som er innom nettsida kva flyginga gjeld, og dei kan kan til ein viss grad velje å innrette seg etter det. Slikt vil vere konfliktdempande.

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.05.2011