Du er her:

Illustrasjon: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Funn av bladfaks i verneområde - Todalsøra.

Funn av bladfaks nær naturreservat

Brev frå Naturvernforbundet til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

I samband med ei anna sak botaniserte vi litt kring naturreservatet på Todalsøra. I ein engkant fann
vi bladfaks (SE).

Den aktuelle enga grenser mot naturreservatet. Sidan bladfaks blir brukt i eng og seljast utan restriksjonar og merking, ser vi for oss at det er bladfaks i enga, og at bladfaks kan vere på veg ut i
naturreservatet.

Vårt funn er gjort på austsida av reservatet. Vi ser av artskart at Rolv Hjelmstad har gjort eit funn på vestsida av elva på 1980-talet.

Viss ikkje skaden alt har skjedd, så bør det kanskje gjerast eit arbeid saman med landbruket, så ein kan unngå bruk av ein art som er vurdert med svært høg risiko på ein slik stad som dette.

Artikkelen ble sist oppdatert: 16.02.2019