Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Uregistrert slåttemyr i Surnadal. Truga av utbygging av veg og parkeringsplass. Foto: Naturvernforbundet

Har kommunane rutiner for å bruke miljøvedtaksregisteret?

Brev frå Naturvernforbundet til kommunane i Møre og Romsdal

Naturvernforbundet er aktiv brukar av miljøvedtaksregisteret. På den måten får vi vite om vedtak som er gjort på ein del saksfelt innan 3 dagar etter at partane har fått kjennskap til vedtaket. Det gjer det mogleg for oss å følgje med, og det gjer det mogleg for oss å klage på vedtak om det går for gale. Dette er altså ei rettigheit til medverknad i miljøsaker.

Frå 1.4.2014 har forskrifta om miljøvedtaksregisteret vore i kraft. Frå den tid skal alle kommunar ha lagt inn enkeltvedtak gjort etter naturmangfaldlova § 53, jf. miljøvedtaksforskrifta § 3. Som oftast vil det i Møre og Romsdal gjelde vedtak om utvald naturtype slåttemark og kystlynghei.

I Møre og Romsdal ser det ut til at ingen kommunar har lagt inn noko slikt vedtak så langt.

Vi veit at kommunar har gjort, eller skulla ha gjort vedtak etter nml §53. Truleg skal det godt gjerast å finne ein kommune som ikkje skulle ha vore borti dette. Vi kan ta nokre døme:

- Ein kommune godkjenner ein reguleringsplan for hytter på eit område som ligg i lynghei som blir beita. Arealet er ikkje kartlagd, men slike areal kjem nesten utan unnatak ut som kystlynghei i verdi a eller b om dei er over 100 dekar store. Slike areal må vurderast, og ein vil svært ofte måtte gjere vedtak jf. § 53.

- Det blir bygd ein bustad på ein del av ei slåttemark verdi b. Ein opplagd sak etter § 53.

- Kystlynghei blir omdisponert til industriareal i ein revisjon av kommuneplan. Ein opplagd sak etter § 53.

- Det skal byggast europaveg gjennom ei slåttemark med verdi B. Ei opplagd sak etter § 53

- Gardsvegen gjennom slåttemarka skal utvidast. Ei opplagd sak etter § 53.

- Det blir søkt om ein tursti gjennom kystlyngheia. Ei opplagd sak etter § 53.

- Det blir lagt ned ein kabel gjennom slåttemarka eller kystlyngheia. Ei opplagd sak etter § 53.

Miljøvedtaksregisteret skal mellom anna gjere det lettare å kunne følgje med kva forvaltinga gjer på viktige miljøområde. Naturvernforbundet har abonnement som varslar når slike vedtak blir gjort. Dette slik at vi enkelt kan sjå vedtak som er gjort i slike saker, og at vi t.d. kan klage i rett tid når vi meiner forvaltinga har gjort feil.

Når vi no tar saka opp, er det fordi slike vedtak anten ikkje finst, eller i alle fall ikkje er lagt tilgjengeleg der dei skulle ha vore. Dette gjeld natur som er spesielt viktig og spesielt utsett for å bli utrydda, som er grunnen til at naturtypane har blitt utvalde.

At ingen kommunar i Møre og Romsdal har lagt inn vedtak av denne typen på miljøvedtaksregisteret kan tyde på at det er ein systemfeil ein stad. Det tyder at kommunane saman med Fylkesmannen no blir nøydde til å få orden på dette. Både å gjere vedtak etter naturmangfaldlova § 53 når det skal gjerast, og få lagt vedtaka synleg. Desse naturtypane er altfor viktige og altfor utsette til at dette kan halde fram som no.

Som kvittering på at kommunane har oppfatta dette brevet, ber vi om at kommunen finn eit slikt vedtak de har gjort etter 1.4.2014 og får det lagt ut på miljøvedtaksregisteret. Dette er de pliktige til, betre seint enn aldri. Då kjem varsla inn på vår e-post. Då ser vi at de har funne ut av systemet, og kan få lagt inn alle dei andre vedtaka de har gjort etter 1.4.2014, så de kan få tatt igjen etterslepet, og konsekvent lagt inn nye vedtak i rett tid.

Kommunar som ikkje finn noko vedtak som omhandlar dette ber vi om sender inn til oss rutinen de har, slik at saker som skal handsamast etter naturmangfaldlova § 53 verkeleg blir det.

Vi kjem til å gjere opp ein status kring 1.4.2020. Dei kommunane vi ikkje har merka noko til innan då kan kome til å få ei påminning om kommunen sine plikter etter miljøinformasjonslova.

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 07.03.2020