Du er her:

Havørna, Smøla, raudlista og vindkrafta


Foto: Kristin Kværnsveen, Norges Naturvernforbund
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er heilt rett som det kjem fram i Tidens Krav at havørna ikkje står på raudlista lenger. I det ligg at prinsippa i gamal og ny raudliste er forskjellige. Dei målretta forvaltningsmessige grepa som blei gjort frå 1968 har også ført til ein oppgang. Det er ikkje så mange negative faktorar som skal til før dette kan snu. Elles skal ein vere merksam på at havørna framleis er ein norsk ansvarsart. I det ligg at mesteparten av havørna som finst er den vi ser hos oss. Går det gale hos oss, er det ingen andre som kan hjelpe.

Blir heile kysten full av vindturbinar er vegen snar for at havørna igjen kjem på raudlista. Forskingsrapportane frå Smøla fortel at det var nedgang i 2006, og rapporten som ikkje er heilt ferdig enno frå 2007 fortel om ytterlegare nedgang. Ein tilsvarande nedgang for heile kysten vil føre havørnbestanden under 1968-nivå ganske snart.

Det er elles slik at unge ørnar har eit visst trekk langs kysten. Viss dette trekket blir forstyrra av vindturbinar kan eit slikt anlegg ha mykje å seie for havørna langs heile kysten og ikkje berre lokalt. Om anlegget på Smøla har verknad på dette trekket veit ein ikkje.

Når artar blir pressa er det tydeleg skilnad på stadene der dei forsvinn og der dei har fordelar som gjer at dei lever over. Når Smøla peikar seg ut som staden der det er tettast mellom havørnane er det eit klart teikn på at der er tilhøva slik at om det går gale andre stader så kan det framleis gå godt der. Det er ein viktig årsak til at plasseringa av vindturbinar i dei beste havørnområda på Smøla var særs uheldig.

Vi utryddar i dag artar 1000 gongar fortare enn det som er naturleg. Det skuldast at vi ikkje skjønar samanhengar og tar for lett på at verksemda vi held på med kan vere skadeleg for naturen. Sist gong verda opplevde noko liknande var då dinosaurane døydde ut.

Vindkraftverksemdene har framleis planar for å dekke heile kysten med vindturbinar. Men vi har store manglar når det gjeld kva verknad vindturbinane har på havørn og andre artar. Fullskalalaboratoriet på Smøla leverer forskingsresultat, men det vil ta tid. Dessutan kunne det ha vore utnytta ein del betre slik at kunnskapen kunne ha kome både breiare og fortare. Dei tala vi av og til høyrer om blir brukt til denne forskinga begynner vel å likne på Statkraft sitt tilskot til Gurisenteret. Vil vindkraftindustrien ha hand om meir areal til vindturbinar, så må dei i alle fall legge i godt med forskingsmiddel slik at vindkrafta kan byggast der ho gjer minst skade. Det krev kunnskap.

Elles finst det meir enn havørn. Det er anna fugle- og dyreliv som også har problem med vindturbinane og t.d. vegane i området. Det krev og forsking.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen