Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Hubro og høgspentliner

Naturvernforbundet og Norsk Ornitologisk Forening (NOF) har over tid sett at tilhøva for spesielt hubroen ikkje har betra seg. Den negative utviklinga med at par forsvinn frå kjente lokalitetar ser enno ikkje ut til å ha stoppa. Vi ønskjer difor å rette søkelyset på kva ein kan gjere for denne arten som er sterkt truga, og har difor sendt nokre spørsmål til nettselskapa i Møre og Romsdal.

Naturvernforbundet og NOF ønskjer å få opplyst følgande om bruken av avbøtande tiltak for hubro på 22kV-nettet innanfor dekningsområda til nettselskapa (isolering eller avvisar/sitjepinne):
1. Monterer de nye piggisolatorar på nye liner utan samtidig avbøtande tiltak av lina ved masta?
2. Monterer de nye piggisolatorar når gamle må bytast utan samtidig avbøtande tiltak av lina ved masta?
3. Har de sjølv kompetanse, eller skaffar de kompetanse til å vurdere kva strekningar som er spesielt utsett i dykkar forsyningsområde?
4. Kva andre tiltak har de iverksett for å unngå at hubro døyr i kontakt med linenettet dykkar?
5. Planlegg de nybygging/renovering av høgspentliner i dykkar område dei neste to åra?

 

Det har teke tid å få svar frå alle nettselskapa, slik at Naturvernforbundet i utgangspunktet klaga manglande innsyn inn for Klagenemnda for miljøinformasjon. Etter at det omsider kom inn svar, trakk Naturvernforbundet 30. juni 2018 sin klage.

Artikkelen ble sist oppdatert: 17.11.2018