Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Insekter er ein del av naturmangfaldet.

Hyttebygging kan ha konsekvensar for naturmangfaldet

I ei fråsegn til planane om Lien hyttegrend i Stranda peiker Naturvernforbundet på at planane om Lien hyttegrend må greiast grundig ut i forhold til naturmangfald.

Det er varsla ny oppstart av detaljreguleringsplan for Lien hyttegrend i Stranda kommune. Planområdet er på om lag 300 daa og skal leggje til rette for fritidsbustader, utleigehytter, bevertning og skianlegg. Fylkesmannen har oppheva forrige forslag Stranda kommune gjorde på å vedta detaljreguleringsplanen for Lien hyttegrend. Bakgrunnen var behov for endra tilkomst til området. Stranda kommune har vurdert øvrige omsyn som ferdig avklart i førre planprosess.

Naturvernforbundet peikar i si fråsegn på at det er kartlagd verdifull slåttemark i nærområdet til planen, og at det slik Naturvernforbundet ser det kan vere grunn til å finne fleire slike område med ei meir systematisk kartlegging av naturmangfaldet i planområdet.