Du er her:


Naturen vil vi gjerne ha

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Du har sikkert lagt merke til det. Når du finn eit laurdagsintervju, eller det er nokon som har flytta frå den store staden og kome heim, så er det mange som seier eit eller anna om naturen. Dei seier det på forskjellig måte, men det er mest alltid at naturen er noko positivt.

Det siste året er det dessutan fleire enn på lenge som har vore ute i naturen også. Naturen er ikkje berre noko ein ser ut av vindauget. Det er noko ein kan lukte og høyre i tillegg, noko som held oss friske.

For nokon fell det lett å gå seg ein tur i naturen. For nokre er det nok å gå langs gangvegen, i parken eller i strandkanten, andre får ikkje heilt rette kjensla før sivilisasjonen er borte bak fjellkammen. Er det ikkje flott at det går an å like naturen på så mange forskjellige slags måtar?

Det er slett ikkje sjølvsagt at vi har ein natur vi kan bruke slik. Berre det å gå tur i skogen eller fjellet når ein vil og kvar ein vil er på ingen måte sjølvsagt i mange andre land. Mange av oss kan dessutan nå tak i naturen omtrent frå trappa heime. Svært mange rundt om i verda kan ikkje det. Vi er vant med at det skal vere slik, men dette ordnar seg ikkje av seg sjølv.

Mange av dei som bestemmer vil helst seie ja, og ofte tyder det at dei seier nei til naturen. Strandstrekningane som er tilgjengelege blir stadig fullare av naust, badestampar og fiskeoppdrettsanlegg. Vegane blir fleire og breiare. Den opne furuskogen blir bytta ut med tett granskog. Fuglane våre slit med å finne reirplassar og mat. I iveren etter å få folk ut blir det bygd spaservegar både der det er greitt og nokre stader det ikkje er greitt. I trua på at endå litt meir straum er bra, så blir fjelltoppar kledd med vindturbinar og fossar lagt i røyr. Det er så mange som gjerne vil ha ein liten bit av naturen.

Vi veit alle inst inne at viss vi ikkje passer på, så blir det mindre natur vi kan setje pris på. Kven er det som passer på? Det finst nokre som i tillegg til å gå på tur tar jobben med å seie frå når utbyggingsiveren blir i drygaste laget. Å pløye store dokument og skrive sinte klager er ikkje spesielt morosamt, men det må til. Naturvernforbundet tar ein del av desse jobbane. Det er ikkje så mange andre som gjer det. Vi vil berre seie frå at natur som kan gje gode naturopplevingar ikkje er sjølvsagt. Bruk han vel utan å bruke han opp. Sei frå når nokon tar for seg av naturen som om han ikkje er verdt noko. Gjer gjerne Naturvernforbundet endå sterkare ved å bli medlem.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Artikkelen ble sist oppdatert: 29.03.2021