Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Arkeologisk utgraving på Ekra i Molde.

Naturmangfald ved arkeologiske utgravingar

I samband med ulike utbyggingstiltak blir det gjennomført arkeologiske utgravingar. I samband med ei utgraving i Molde har Naturvernforbundet stilt spørsmål ved kva omsyn som blir teke til naturmangfald ved slike utgravingar.

Bakgrunnen for spørsmålet frå Naturvernforbundet er at det er gjennomført arkeologiske utgravingar i eit område som er registrert som ein utvald naturtype.

Spørsmålet gikk til Møre og Romsdal fylkeskommune, som er ansvarleg for kulturminner.

 

Svar frå fylkeskommunen kom raskt. Det blir her vist til at det er tiltakshavar som er ansvarleg for å gjennomføre kartleggingar. Det blir arbeidd med å utvikle kartleggingsmetoder som gir mindre fysiske inngrep, t.d. bruk av georadar.

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 25.09.2016