Du er her:

Foto: Lars Gangås, Statens naturoppsyn SNO

Hiuttak. Foto: Lars Gangås; Statens Naturoppsyn

Naturvernforbundet gir rovviltnemnda innspel om jerv

Rovviltnemnda i region 6 (Midt-Noreg) skal ha møte 26. mai 2016. Naturvernforbundet i Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal gir innspel om nokre jervespørsmål til dette møtet.

Naturvernforbundet sitt innspel er delt i tre:

Målet om dei tre årlege ynglingane i Møre og Romsdal

Naturvernforbundet meiner at ein for Møre og Romsdal bør dele området som gjeld utan mål om yngling i to. Grensa kan gå langs Rv. 70 gjennom Sunndalen. Tildelt kvote kan berre takast ut i Trollheimen. Sørafor Rv 70 og utanfor område med mål om yngling får ein gjere nødvendige uttak i form av skadefelling viss situasjonen blir særleg vanskeleg. Terskelen for skadefelling i dette området bør ikkje vere like låg som i andre område utan mål om yngling.

Tispekvote

Det må vere tispekvote i alle kvotejaktområda.

Individ med spesielle markørar

Den sørvestlege delen av jervestamma har unike genetiske funksjonar. Det er viktig å ta vare på desse.

Artikkelen ble sist oppdatert: 24.09.2016