Du er her:

Naturvernforbundet i Vestnes er kritisk til inngrep i strandsona på Nerås


Foto: Naturvernforbundet
Fråsegn frå Naturvernforbundet i Vestnes til JOBing.
Naturvernforbundet i Vestnes har blitt invitert til å gi fråsegn til planane om campingplass og turistretta aktivitetar på Nerås.

Planområdet ligg i 100-metersbeltet langs sjøen og er i kommuneplanen avsett til LNF-område med dele- og byggeforbod. Ei tilrettelegging for campingplass/turistanlegg her, bør bli avklart ved rullering av kommuneplanen sin arealdel.

Naturvernforbundet meiner at endringar av arealbruken må sjåast i ein heilskapleg samanheng, og at det blir vanskeleg å sikre naturverdiar og grønstruktur dersom vilkåra i kommuneplanen stadig blir endra.

Leiar i Naturvernforbundet i Vestnes er Bernt Gjelsten, han har telefon 97 18 60 58.


Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen