Du er her:

Naturvernforbundet klagar på forvaltningsplanen til Hjertvika naturreservat i Aukra


Rynkerose
Naturvernforbundet klagar på tre tilhøve ved forvaltningsplanen for Hjertvika naturreservat. Dette gjeld bruken av gift til fjerning av uønska artar, bruken av ornitologar til å registrere botanikk samt manglande oversikt over kostnadene ved gjennomføringa av forvaltningaplane.
Naturvernforbundet er i utgangspunktet nøgde med at det blir laga forvaltningsplanar for verneområda i Møre og Romsdal. Mange stader har ein sett at dei verna verdiane held på å smuldre bort som følgje av manglande skjøtsel. Skjøtselstiltak er langsiktige, og difor er økonomien knytt til slikt arbeid svært viktig. Skjøtselstiltak som år om anna ikkje blir gjennomført som følgje av manglande løyving kan gjere årevis med slikt arbeid nærast bortkasta. Dette er kan hende det svakaste punktet på heile plana, at det ikkje er råd å vite om noko let seg gjennomføre.

Dei punkta i plana som vi reknar med let seg klage på er desse:

1. Ordninga knytt til bruk av roundup mot rynkerose.

Fjerning av rynkerose er viktig, og truleg vesentleg på lengre sikt. Naturvernforbundet ønskjer at terskelen for bruk av sprøytemiddel skal vere høg. Dvs. at det skal til eit vedtak som kan klagast på før det eventuelt kan gjennomførast sprøyting, jf. naturmangfoldloven § 48. Sjølv om gift er usynleg etter kort tid, har det ein verknad, og samfunnet må ha ein særleg høg terskel mot å bruke dette i område som er verna.

2. Kartlegging av floraen

Naturvernforbundet meiner det er viktig at ein i kvar tiårsperiode sjekker opp om noko utvikler seg med omsyn til floraen. Men vi undrar oss litt over at utførande aktør er NOF. Fuglefolk som registrerer flora er jamgode med botanikarar som registrerer fugl. Den eine ser opp og ser ikkje så mykje ned, den andre ser ned og ikkje så mykje opp. Det er ønskeleg også med fugleregistrering i løpet av tiårsperioden, sjølv om dette ikkje er primært fugleområde. Og det er ønskjeleg at både botaniske registreringar og fugleregistreringar blir gjort av folk med høveleg kompetanse.

3. Kostnad

Det står tidlegare i dokumentet at mellom anna kostnadene med skjøtsel er lista opp i vedlegg 4. Det har vi ikkje merka noko til. Det er viktig at eit kostnadsoverslag synleggjer behov for løyving til skjøtsel. Sjølv eit grovt overslag er betre enn ikkje noko overslag.

Kontaktperson er fylkesleiar Øystein Folden på telefon 91 81 25 42.


Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen