Du er her:

Naturvernforbundet til fylket si handsaming av verneplan for sjøfugl: Knefall

Fylkesutvalet skal gjere vedtak i saka om verneplan for sjøfugl 2. mai 2006. Nærings- og miljøutvalet har ei merkeleg tilråding til vedtak.

Olav Bratland (H), Oskar Grimstad (Frp) og Randi W. Frisvoll (KrF) la i Nærings- og miljøutvalet fram følgjande forslag til vedtak som blei vedtatt som tilråding for fylkesutvalet:

1. Nærings- og miljøutvalet viser til verneplanframlegget for hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal, og vil rå til at verneplanframlegget i størst mogleg grad blir utforma i tråd med synspunkta frå formannskap/kommunestyre i dei berørte kommunane.

2. Nærings- og miljøutvalet vil difor rå til at verneplanframlegget blir endra i samsvar med dette, og at endeleg behandling blir gjort etter at merknader til verneplanen føreligg.

Tilrådinga frå administrasjonen var følgjande:

Nærings- og miljøutvalet tar verneplanframlegget til vitande og oversender det til fylkesutvalet utan vidare merknader.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner:

Fylket har her eit ansvar for at sjøfugl får det vern som er nødvendig. Slikt vern er avhengig av kva behov fuglane har, ikkje kva dei einskilde kommunane meiner om saka. Det er fylket si oppgåve å seie klart frå i ei slik sak, så kommunane får overordna materiale å rette seg etter i forvaltninga av denne typen naturressursar.

Ein del av desse fuglane flytter seg ikkje om ein kommune finn ut at dei skal bruke fuglefjellet til noko anna, men dei sluttar å legge egg, eller mislukkast i å få fram ungane. Då går det mot slutten. Difor er det nødvendig å ta utgangspunkt i fuglane sine behov.

Det er ikkje dermed sagt at fylket ikkje skal ha øyra opne for kva kommunane vil seie, men noko nær fullstendig knefall er noko heilt anna. Det er heilt misforstått.

Viss det vi her ser er lina til fylket, då har vi ikkje lenger bruk for fylket i forvaltninga av naturressursar.

Eg er å treffe på fasttelefon i kveld og mellom 07.20 og 08.00 i morgon.

Helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

6630 Tingvoll

tlf 918 12 542 / 71 53 33 31

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid



- Sjøfuglvern må omfatte områder i sjøen
Naturvernforbundet si meining om sjøfuglplanen