Du er her:

Murvika i Skodje

Murvika i Skodje. Foto: Naturvernforbundet

Naturvernslakt av skogsvegplanar

Skodje kommune har til behandling ein skogsvegsak i Murvika. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er i ei fråsegn svært kritiske til planane, og varslar klage dersom kommunen godkjenner vegen.

Naturvernforbundet meiner denne saka handlar om tre hovudtema:
1. Om skogen kan drivast i samsvar med moderne hogstmetoder (plantasjeskogbruk).
2. Om det kan byggast ein skogsveg.
3. Kva regelverk som er aktuelt å bruke i handsaminga av denne saka

Gjeldande kommuneplan seier at arealet det gjeld er del av eit større friområde. Eit friområde har prioritert omsynet til allmenta sine behov for arealbruk og nedprioritert skogsdrifta. Eit naturleg steg vidare er, slik Naturvernforbundet ser det, at kommunen saman med statleg mynde sikrer dette området ved å kjøpe det. Då får grunneigar oppgjer for arealet, og allmenta kan bruke arealet i meir eller mindre tilrettelagd grad. Å gjere om på på den prioriteringa som ligg i arealdelen til kommuneplana krev ei konsekvensutgreiing, ikkje ei forenkla handsaming i form av løyve så ein kan nytte forskrifta om landbruksveg.

Friområde i nærleiken av der folk bur er det oftast mangelvare på, og gode friområde med kvalitetar knytt til badeplass og strandline har særleg stor verdi. Ei konsekvensutgreiing vil gå nærare inn på om andre område kan erstatte dette med like godt resultat. Vi ser for oss at konsekvensutgreiinga sannsynlegvis vil fortelje at noverande regulerte areal for friområde ikkje kan erstattast fullgodt av noko anna areal. Naturvernforbundet meiner skogbruksinteressene bør ta dette inn over seg snarast råd, og trekke søknaden.

Skodje kommune har henta inn ei vurdering av tiltaket frå skogbruksetaten. Der er det nokre moment som det
er uråd for Naturvernforbundet ikkje å kommentere.

I søknadskjemaet er det ein rubrikk "Andre miljøverdiar i området". Der er det råd å fylle ut noko, men rubrikken står tom. "Viktige områder for friluftsliv" er eit underpunkt i dette avsnittet, og her er det også tomt. "Kulturlandskap, landskapsbilete" er eit anna punkt det går an å skrive noko i. Men der står det heller ikkje noko. Skogeigarane er truleg ikkje i stand til å sjå kva friluftsområde og landskapsbilete er når det står tømmerstokkar på arealet, og skogbruksetaten bryr seg ikkje det minste om at det ikkje er fylt ut noko i desse rubrikkane. Truleg er det meininga frå skogbruksetaten si side å handsame slike spørsmål som om det er luft også vidare i prosessen. Slik sakshandsaming skal etter Naturvernforbundet si meining ikkje sleppe gjennom kommunen sin interne kvalitetskontroll.

Naturvernforbundet minner om at det i landbruksvegforskriften står noko om miljøomsyn:

§ 1-1. Formål
Formålet med denne forskrift er å sikre at planlegging og bygging av veier for landbruksformål
skjer på en måte som gir landbruksfaglige helhetsløsninger. Det skal samtidig legges vekt på
hensynet til miljøverdier knyttet til naturmiljø, landskap, kulturminner og friluftsliv, og andre
interesser som blir berørt av veiframføringen.

 

Når eit område er avsett til friluftsføremål venter Naturvernforbundet at omsynet til slike interesser veg tungt. I skogbruksetaten si vurdering er denne utsegna:

"Dersom området får tilkomst med ein traktorveg vil det bli mogeleg å komme inn hele året om nødvendig for å ta ut vindfelte trær. Dette vil ha samanfallande interesser med eit friområde da klynger med vindfelte furutrær lett vil være ein fare for liv og helse dersom det ikkje blir rydda opp."

Naturvernforbundet har problem med denne formuleringa og spør om det snart blir forbode å gå i skogen viss han ikkje er
planert og trea er bardunerte. Nokon kan snuble og slå seg, eller få ei kongle i hovudet. Det er best å vere innesperra bak eit trygt og godt gjerde, kanskje med kunstgras, der nokon kan passe på oss. Naturvernforbundet vil peike på at det er lange tradisjonar for at folk flest går i skogen slik som han er. Viss ein spør folk kva dei helst vil gå i så er ein skog med gamle og krokete store furutre med kvistar langt ned heilt greitt, ja til og med spanande. Snorbeine furutre med første kvisten 10 meter over bakken og heller tett, i alle fall i ungskogsfasen er rett og slett mindre attraktivt og kjedeleg. For ein sjuåring er det inga formildande omstende at det glitrer i auga til skogsbrukssjefen når han ser ein plantasjeskog. Elles så er det så langt Naturvernforbundet kjenner til meir vanleg at det er skogsarbeidarar som stryk med i skog som ligg på kryss og tvers, enn turfolk.

Naturvernforbundet vil ha seg fråbedt at skogbruksetaten gir seg ut for å tale friluftslivet sin sak på denne måten. Skodje kommune er medlem av Friluftsrådet og bør innhente fråsegn i slike spørsmål hos dei. Vidare er det ei rad friluftslivsorganisasjonar, mellom dei Naturvernforbundet, og mange av desse organisasjonane er organisert under paraplyen Forum for natur og friluftsliv (FNF).

Naturvernforbundet finn seg heller ikkje i at skogbruksetaten nærast opptrer som overformyndar og meiner noko på Naturvernforbundet sine vegne, og særleg ikkje når det er så riv ruskande gale som dette. Elles er det slik at resten av Noreg har tatt i bruk noko som blir kalla for naturmangfoldloven. Lova har vore verksam sidan 1. juli 2009 og skal brukast når naturverdiar kan bli råka. Naturvernforbundet ser atskogbruksetaten har oppdaga lova, men vurderingane er underlege.

Først om naturtype:

Når det blir sagt at dette er bonitet F 11 med furuskog, så har dette ikkje noko med naturtype å gjere. Dette er omgrep som blir bruka i skogbruksplanlegging heilt uavhengig av om det finst spesielle biologiske verdiar i området.

Ut frå det Naturvernforbundet veit om området, er det grunn til å tru at det i dette området kan vere tale om naturtypen gamal barskog. Vidare ser vi ikkje bort frå at det kan vere innslag av hassel som slår ut på vurdering av naturtype i delar av området. Det er mogleg det er tale om naturtypar som er prioriterte og burde ha vore registrert i naturbase. Med eit produktivt skogareal i Skodje på kring 57000 dekar og til saman 2830 dekar gamal barskog funnen på 3 lokalitetar i naturtyperegistreringa, så er det tale om 5 % og ikkje 25 % for denne typen skog. For hasselprega naturtypar manglande tilsvarande oversyn.

Om naturbaseregistreringar:

Det er bra at naturbase er tatt i bruk i vurderinga av slike saker. Naturbase er ein nyttig reiskap, men inneheld berre opplysningar som nokon har putta inn der. Om det ikkje har vore nokon som har vore på staden, får ein same resultat som om det ikkje er noko interessant der. Sjølv om kartet ser likt ut, er skilnaden stor og vesentleg. Det vil ikkje overraske Naturvernforbundet om det kan vere raudlista artar i dette området, sjølv om dei ikkje er kartlagde til no. Særleg om det er gamalskog i området, vil funn av spesielle artar vere mogleg.

Den siste utsegna er imidlertid den drygaste. "Etter § 9 vil virkningane på naturmiljøet være svært små da det kunn dreier seg om ei fornying av eksisterande furuskog." Viss ein hogger vekk gamalskog og planter ny skog av same slag, så blir ikkje dette biologisk det same. Gamalskogskvalitetar er skapte gjennom mange hundreår, og forsvinn omtrent umiddelbart ved hogst slik det oftast blir gjort i dag. Det er heller ikkje særleg hjelp i smale kantsonar av gamal skog. Dei mest spesialiserte artane vil vere borte med hogsten og dei kjem ikkje tilbake dei første femhundre åra. Utsegna fortel Naturvernforbundet at vurderinga er gjort av ein sakshandsamar som ikkje skjønar kva dette går ut på.

Vurderingane i samsvar med naturmangfoldloven må gjerast på nytt og på eit anna grunnlag enn det som er gjort. Naturvernforbundet varslar klage om Skodje kommune meiner dei kan gi dispensasjon i denne saka.

Artikkelen ble sist oppdatert: 21.05.2011