Du er her:


Skårasalvegen høyrer fortida til

Naturvernforbundet meiner Skårasalvegen legg opp til ei passiv form for turisme som høyrer fortida til. Dette kjem fram i ei fråsegn Naturvernforbundet i Ørsta og Volda har sendt til AG Plan og Arkitektur AS i Ørsta.

Ørsta kommune har starta den formelle behandlinga av planane om veg til Skårasalen i Hjørundfjorden. AR Plan og Arkitektur ber om innspel og merknader til planprogram og planarbeidet. Naturvernforbundet gjer det klart at dette prosjektet nok aldri vil kunne justerast eller endrast slik at Naturvernforbundet kan akseptere det. Difor ser Naturvernforbundet helst at ressursane til planlegging vert brukt til nyttigare føremål.

Naturvernforbundet krev at planleggjar også utgreier alternativ til Skårasalen. Ved inngrep skal ein etter naturmangfaldslova ikkje nøye seg med å utgreie ein lokalitet. Her vil Naturvernforbundet tilrå eit område som alt har store tekniske inngrep; til dømes på Bondalseidet.

Naturmangfaldslova peikar også på at ved auka press på ein sårbar naturtype, bør ein peike på avbøtande tiltak. Fører vegen til Skårasalen med seg auka støy, bør planleggjaren peike på eit tilsvarande fjellområde som kan tilbakeførast til ein meir naturleg tilstand (som Dalsnibbevegen eller vegen til toppen av Rotsethornet?).

Om vi går inn på artsdatabasen for Ørsta (www.artsdatabankan.no), vil ein sjå at det er gjort svært få registreringar i reguleringsområdet. Dette betyr ikkje at området har ein lite verdifull natur, men at her ikkje har vore kartlegging av biologisk mangfald. Naturvernforbundet krev ei grundig kartlegging både av planområdet, og av områda som ligg så nært at dei kan bli påverka av tiltaket.

Den vidare planlegginga må og utdjupe ein dimensjon som er ny i norsk lovgjeving, men eit brukt kvalitetsomgrep i Naturmangfaldsloven; Naturen sin eigenverdi. Altså verdien av reguleringsområdet, - slik det ligg i dag. Denne må vektast opp mot verdien av slik det vert. Ein ting er verdien av fjellet for dei om lag 2000 som går til topps i dag, - noko anna er av fjellet sin eigenverdi (ikkje bruksverdi).

Naturmangfaldsloven omhandlar ikkje berre sårbare artar, men og sårbare og truga naturtypar. Fjord- og fjelllandskapet på Vestlandet er ein unik naturtype som er under sterkt press frå ulike inngrep, og vi har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på denne naturarven. Her må planleggaren vurdere korleis dette tiltaket bryt inn i biletet av Hjørundfjordfjella sett frå fjorden, frå dei omkringliggande toppane og dalane.

Skårasalen er i magasina Fri Flyt, UTE og Fjell og Vidde omtalt som eit av dei mest ettertrakta måla for fjellturar i Noreg. Også i boka Skiturar på Sunnmøre, ”Randersboka” DNT-årbøker og i utallige artiklar i norske og utanlaske tidsskrift og guidebøker er fjellet omtalt som spesielt på grunn av lett tilkomst og eit fantastisk utsyn. På Google får du ca 500 treff på ”Skårasalen”, - kor mange andre toppar på Sunnmøre kan konkurrere med den? Etter ei omtrentleg teljing av namn i vardeboka kan vi truleg rekne med 2000 besøk på toppen kvart år. Desse er fordelt på dei fleste månadane i året, og det er vandrarar frå 7 til godt over 70 år frå inn- og utland. Frå slutten av oktober til langt ut i mai er det skisesong. I tillegg kjem alle som ikkje gjeng mot toppen, men brukar reguleringsområdet til anna friluftsliv.

Det må ligge føre ein økonomisk plan for dette private prosjektet som er truverdig. Går selskapet konkurs etter eit år eller to vert vegen liggande. På folkemøtet vart det ikkje svart på spørsmål om billettpris, og det er så langt ingen tal for kor mange bilar og kundar selskapet reknar pr år. Planen om drift i 6 månader synest heilt urealistisk. Naturvernforbundet ser fram til eit realistisk budsjett.

Planen må og drøfte om dette er rett form for turisme.Småskalaturisme, ”grøn turisme”, ”Økoturisme” er sektorar i reiselivet som har sterk vekst. Internasjonalt snakkar ein om ”Sustainable” (berekraftig) turisme. Slik Naturvernforbundet ser planen i dag bryt Skårasal- prosjektet med prinsippa i desse omgrepa. Det legg opp til ei passiv form for turisme som høyrer fortida til.

Artikkelen ble sist oppdatert: 21.05.2011