Du er her:

Stopp Fræna havørnhakkematlaboratorium!


Havørnmat. Foto: Tore Killingland  
- Det er utidig oppførsel av Statkraft Development å sende ein ny søknad om utbygging av Fræna vindpark. Dette er berre eigna til å hefte bort både den eine og den andre med å skrive fråsegner og anna arbeid for å stoppe galskapen. Naturvernforbundet er svært negative til planane.

I uttalen til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) peiker Naturvernforbundet også på at havørnhakkematlaboratoriet på Smøla er tilstrekkeleg til å kunne forske ut korleis vindmøller tar livet av ein havørnbestand. Naturvernforbundet kan ikkje sjå at Statkraft eller nokon annan har bruk for ytterlegare eit laboratorium for å finne ut dette.

Så lenge berghyllene i Skaltenområdet finst og likeeins at det kan finnast havørnmat iHustadvikaområdet, vil det vere potensiell konflikt mellom havørn og vindmøller i omsøkte område. Tabben som blei gjort på Smøla med omsyn til havørn skjedde til tross for at problemstillinga var kjent på førehand. Det er meir enn ille nok. Å gjere same type tabbe ein gong til er idiotisk og bør kunne straffast, meiner Naturvernforbundet, som har ein klar konklusjon:

Dette vindkraftprosjektet skal ikkje byggast.

Kontakt fylkesleiar Øystein Folden på 91 81 25 42 for meir informasjon.

Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen