Du er her:

Bilde frå www.oppdragfuglekasse.no

Hekkebrett for tjeld og fiskemåke.

Sykkylven: Klage på skadefelling av fiskemåse

Sykkylven kommune har gitt løyve til å fjerne fiskemåse frå tak. Naturvernforbundet foreslår bruk av hekkebrett.

Sykkylven kommune gav 30. mars 2020 løyve til fjerning av fiskemåse på tak på sjukeheim (BUAS) i Sykkylven. Frå 1. april 2020 er mynde til å gi slikt løyve overført til fylkesmannen. Naturvernforbundet klagar på vedtaket. I klagen viser Naturvernforbundet til tilsvarande sak i 2010.

Det har vore ein sterk nedgang i sjøfuglbestandar dei siste åra, og det er viktig å ta vare p dei som er att. Naturvernforbundet viser til at det å sette opp eit bygg med eit stort flatt tak innanfor hundremetersona inviterer sjøfuglane til å etablere hekkeplass der. Dersom det er ønskjeleg å unngå dette, må det etablerast gode alternativ. Eit godt alternativ kan vere hekkebrett, dette er nytta enkelte stader i landet.

Artikkelen ble sist oppdatert: 26.04.2020