Du er her:

NIBIO publiserte i 2020 ein rapport om klimagassutsleppa frå drenering av myr

NIBIO publiserte i 2020 ein rapport om klimagassutsleppa frå drenering av myr.

Haramsøya - Naturvernforbundet klagar på løyve til nydyrking av myr

Ålesund kommune har gitt løyve til nydyrking av eit myrområde på Haramsøya. Naturvernforbundet i Ålesund og omegn klagar på vedtaket.

Haramsøy fjellutnyttingslag søker om å få nydyrke eit areal på 49,98 dekar på Hararamsfjellet.

Naturvernforundet meiner dei mest vesentlege feila i vedtaket til Ålesund kommune er:

- Det er krav om konsekvensutgreiing av tiltaket

- Søknaden kom før endringa av myrdyrkingsforskriften, slik at søknaden skal handsamast etter ein tidlegare versjon av forskrifta.

- Kunnskapsgrunnlaget er for dårleg til å gjere vedtak etter naturmangfaldlova.

- Saka er heller ikkje skikkeleg opplyst før det er gjort vedtak. Truleg er manglane såpass omfattande og vesentlege at krava til sakshandsaming i forvaltingslova ikkje er oppfylt.

 

Naturvernforbundet konkluderer i sin klage med at kunnskapsgrunnlaget har store manglar. Den kunnskapen som finst om fugl er ikkje brukt, og det er ikkje innhenta kunnskap om flora. Raudlistestatus til naturtypane er oversett. Sumverknad er ikkje vurdert. Det er store manglar knytt til vurderingane når det gjeld dyrking av myr. Å unnta saka frå konsekvensutgreiing er klart feil som følgje av at det er raudlista artar og naturtypar i kategori VU eller høgare i området. Naturvernforbundet meiner difor at vedtaket som er gjort må kjennast ugyldig.

 

Klagen har fått oppsettande verknad, tiltaket er altså stoppa.

Artikkelen ble sist oppdatert: 11.03.2021