Du er her:

Foto frå Wikipedia: Av Vidariv – Eget verk, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=15055830

Furu i Prestaksla naturreservat.

Naturvernforbundet klagar på dispensasjon til opprusting av sti til Prestaksla naturreservat

Molde kommune har gitt dispensasjon til ei opprusting og omlegging av ein tursti til Prestaksla naturreservat. Naturvernforbundet klagar på denne dispensasjonen.

Naturvernforbundet ønskjer at det blir stilt vilkår i vedtaket som sikrar at framande artar ikkje blir spreidd med det tiltaket det er gitt løyve til.

Naturvernforbundet underbyggjer kravet med å vise til ei undersøking som blei gjennomført langs Aursjøvegen i 2017. Denne undersøkinga sannsynleggjer at anleggsarbeid kan medføre spreiing av uønska artar.

Artikkelen ble sist oppdatert: 24.04.2021