Fråsegn til søknad om utviding og flytting av torskeoppdrett til Høydalsneset
30.12.2008:
Fråsegn 23. desember 2008 frå Naturvernforbundet i Volda og Ørsta til Volda kommune.
30.12.2008:
Fråsegn 23. desember 2008 frå Naturvernforbundet i Volda og Ørsta til Volda kommune.
23.12.2008:
Under arbeidet med å byggje ein tunnel mellom Bjørke og Leira i Hjørundfjorden blei det oppdaga ei stor jettegryte midt i den regulerte vegtraseen. Det har vore uvisse om nokon kan sikre at jettegryta blir teken vare på, og om dette er ønskjeleg. Naturvernforbundet har kontakta dei ulike partane i saka og bede om ei avklaring.
01.12.2008:
Kvart år søker magasinet Fri Flyt om å få nytte helikopter til å lage reportasjar frå heli-skiing i Sunnmørsfjella. Dei siste åra har det gått søknad til alle kommunane på Indre Sunnmøre, og søknadene har alltid vore utforma for å gi mest mogleg "fri flyt" av helikopterløyve. Naturvernforbundet er kritiske til denne bruken av helikopter i natur- og friluftsområde.
14.11.2008:
I eit brev til statsministeren, miljøvernministeren og landbruksministeren i dag, krev Naturvernforbundet og Natur og Ungdom at det snøggast råd blir innført mellombels vern for Tjørnanakkane i Bjørkedalen og Onilsafeltet i Tafjord i Møre og Romsdal. Dette er dei to best dokumenterte forekomstane av den sterkt truga naturtypen olivinfuruskog. Samstundes er begge akutt truga av næringsinteresser.