Du er her:

Nyheter

Framleis for mykje fritt fram for heli-skiing på Sunnmøre og i Romsdal

Framleis for mykje fritt fram for heli-skiing på Sunnmøre og i Romsdal

14.01.2008:

Også dette året har eit magasin søkt om løyve til å lande med helikopter for å filme ekstremskisport i høgareliggande, utilgjengelege og alpine strøk i fylket. Dette året har Naturvernforbundet vore meir førebudd på at desse søknadene ville kome. Klagesakshandsaminga på tilsvarande løyve sist vinter har ført til at i alle fall nokre kommunar har lagt meir arbeid i vurderinga av desse søknadene.

Naturvernforbundet glade for nullutslippsferger på Sunnmøre

Naturvernforbundet glade for nullutslippsferger på Sunnmøre

13.12.2007:

To av dei største fergesambanda i Møre og Romsdal, Festøya - Solavågen og Ørsneset - Magerholm, er ute på anbod. Statens vegvesen krev bruk av miljøvennleg drivstoff i begge sambanda. Det er berre nullutsleppsdrivstoff det er lov å kalle miljøvennleg, og Naturvernforbundet er nøgd med at Statens vegvesen for første gang stiller så strenge krav. Dersom Statens vegvesen ikkje hadde stilt så strenge krav til drivstoffet, meiner Naturvernforbundet det hadde vore ganske sannsynleg at dei to sambanda ville blitt "dumpingplass" for fergemateriell som er tatt ut av drift i andre samband, kanskje materiell som elles kunne blitt oppgradert slik at dei forureina mindre.

Massefyllinga i Rotevatnet må fjernast!

Massefyllinga i Rotevatnet må fjernast!

11.12.2007:

Naturvernforbundet har tidlegare gjort Volda kommune merksam på at eit stort volum lausmasse no vert plassert / dumpa eller lagra berre få meter frå Rotevatnet si strandsone i Vassbotnen. Naturvernforbundet krev i eit brev til kommunen at Volda kommune straks gjer tiltak for å stanse oppfyllinga av dette våtmarksområdet, gjer pålegg om tiltak som tilbakefører området slik det var før den ulovlege deponeringa tok til.

Naturvernforbundet vil ikkje ha helikopter overalt heile tida

Naturvernforbundet vil ikkje ha helikopter overalt heile tida

04.12.2007:

Naturvernforbundet har registrert at Fri Flyt AS har søkt også i år om løyve til helikoptertrafikk i utmark. I Noreg ønskjer dei fleste å favorisere det enkle friluftslivet. Område utan støypåverknad er ein svært verdifull kvalitet som det er viktig å ta vare på. Naturvernforbundet ber difor kommunane om å avslå søknaden.

Viser fra 53 til 56 av totalt 92 artikler