Du er her:

Avrenning frå grustakområdet til  bekken gjennom dette.

Avrenning frå grustakområdet til bekken gjennom dette.

"Vi er skeptiske til bruken av Hjørundfjorden som slamdeponi!" - oppslag om uttala i Møre-nytt si nettutgåve.

Detaljregulering for Standal knuseverk

Møre-nytt si nettutgåve ved Svein Nordal intervjua lokallagsleiar Knut Festø om denne uttala og synfaringa han og andre frå lokallagsstyret saman med lokalkjende medlemar av laget gjekk på Standal i fyrste helvta av mai. Intervjuet fekk overskrifta: "Vi er skeptiske til bruken av Hjørundfjorden som slamdeponi!"

"Vi er skeptiske til bruken av Hjørundfjorden som slamdeponi", 
skriv Knut Festø i eit brev til Ørsta kommune. Festø er leiar i Naturvernforbundet Ørsta og Volda,
og har vore på synfaring på Standal Knuseverk i Hjørundfjorden. 

opnar Møre-nyttt, og har særleg merkt seg fire punkt frå uttala:

1) Avrenninga frå grustaket til bekken sør for nykaia som leiar slammet ut i fjorden. 

2) At det no er på tide å fjerne gamle utskipingskaia og om mogleg nytte området til andre formål. 

3) Ein treng ekspertar til å føre områda i grustaket attende til ulike formål : naturmark og jordbruk/slåttemark. 

4) Heimebøen mellom busetnaden og strandlina må ein ikkje fjerne.

 

Vi gjev att reportasja som ei innleiing til  vår uttale.  Svein Nordal og Møre-nytt sine mellomtekster til sitata frå vår uttale er gjevne att i kursiv.   Sitata frå vår uttale er gjevne att slik Møre nytt har redigert dei.

1) Slambekk

Festø viser til at det sør for Standal Knuseverk si utskipingskai renn ein bekk som fører finslam med seg til fjord og fjøre.

- "Dette er ikkje akseptabelt. Avsetningane i fjordbotnen, så langt vi kunne sjå utan å dykke, viser at dette har gått føre seg ei lengre tid. Det er ikkje berre eit regnversfenomen, sjølv om det sjølvsagt er verst då. Truleg har desse utsleppa pågått så lenge det har vore masseuttak på Standal, skriv Festø. 

Naturvernforbundet vil også be om at verknaden av eit utslepp på 35 meters djupn vert kontrollert og vurdert som del av ein biologisk rapport. Korleis har dette fungert til no? Byggjer lausmassene seg opp eller vert dei transportert bort med fjordstraumane? Og vil denne løysinga tole ein auke i produksjonen?"

Festø har ved fleire høve registrert avrenning til Standalelva. Og har sendt bilete som dokumentasjon til Ørsta kommune 

 2) Fjern gamlekaia!

Naturvernforbundet påpeikar vidare at det i dag er heile fire kaianlegg langs strandlinja på Standal.

«Den gamle utskipingskaia ved elveosen må fjernast. Dette bør Ørsta kommune setje som krav for at ein ny driftsplan kan bli godkjend, og det bør difor bli tema i planprosessen. (3)
Fagfolk må konsulterast for å få området tilbake så nært opp til det øyra-landskapet som ein gong var her. Til glede for fugl, fisk og friluftsliv. Det finst midlar til slikt arbeid gjennom fleire støtteordningar», skriv Festø.

 

3) Leig inn ekspertar
Ulstein Betongindustri AS og Hanset Sand AS eig knuseverket, og har annonsert oppstart av arbeid med ny reguleringsplan for massetaket på Storestandal. Dei håper å nytte ein større del av sandressursane, blant anna det som ligg under beste dyrkamarka i bygda. Og lovar at dei vil tilbakeføre gamle masseuttak.

Naturvernforbundet er glade for at dei nye eigarane vil tilbakeføre nokre av areala, men meiner det må leigast inn restaurerings-økologar.

- Tilstelling av slike areal er ikkje lett. Det krev kompetanse, og det finst restaureringsøkologar. Slik kompetanse bør leigast inn, og det bør stillast presise krav til når og korleis eit areal skal vere tilbakeført. Enten til slåttemark, beitemark eller til tilnærma naturtilstand. Det som skal tilbake til slåttemark må få ein heilt annan kvalitet/bonitet enn det som i dag er tilbakeført, skriv Festø i brevet til Ørsta kommune.

Det har vore drive masseuttak på Standal i femti år, og i følgje bygdefolk har berre om lag seks dekar av dei gamle masseuttaka blitt tilbakeført. Og då med eit så tynt matjordlag på toppen av sand- og steinmassane at det er uråd å få anna enn "pistrete" grastustar å gro der.


4) Heimebøen

Eigarane ynskjer altså å nytte ein større del av sandressursane som finst i bygda, og har varsla at dei ynskjer masseuttak på den såkalla «Heimebøen», eit flatt, fulldyrka, 80 dekar stort område tett innpå bebyggelsen.

Noko som har ført til protestar frå bygdefolket, og Naturvernforbundet krev også at Heimebøen må ut av forslaget til ny reguleringsplan.

- Det er særs viktig at det ikkje vert opna for uttak for masse nær strandlina, påpeikar Naturverforbundet.

Dagleg leiar i Ulstein Betongindustri, Harald Sætre, har overfor Møre-Nytt uttalt at dei har gjennomgått høyringsuttalane til utkastet til ny reguleringsplan, at eigarane vil ta omsyn til innspela, og at eventuelle nye uttaksareal på førehand vil bli erstatta med nye landbruksareal.

I forgrunnen ser vi arealet som tidlegare var masseuttak, men som har blitt tilbakeført. Men der er litt for lite matjord på toppen av grus- og steinmassene til at det blir særleg mykje grøde. Foto: Svein Nordal  [vi har ikkje opphavsrett eller løyve til å gje att dette]

Forfatter: Svein Nordal  
 

Vår originaluttale:

Detaljregulering for Standal knuseverk.


Naturvernforbundet har engasjert seg i fleire regulerings- og utbyggingssaker på Standal siste åra.
Både småkraftsaker, kraftliner, hyttefelt og knuseverk. Vårt engasjement er primært knytt til
naturverdiane, men ofte er det uråd å skilje desse verdiane frå omsynet til landskap, jordvern,
kulturvern og tekniske løysingar. I denne fråsegna svarar vi nok på meir enn vi er spurde om. Meir
enn det som direkte omhandlar planprogrammet. Men vi trur det er klokt å sjå ein større heilskap for
dei som skal handsame det endelege planframlegget når det kjem.


LANDSKAP.
Med bakgrunn i Den Europeiske Landskapskonvensjonen og nasjonale mål for bevaring av biologisk
mangfald, vart Hjørundfjorden og Nordangsdalen peika ut som eit av 46 «Utvalgte kulturlandskap» i
Norge. Eit av tre i Møre og Romsdal. Til denne statusen følger midlar til skjøtsel, og forpliktelsar til
god forvaltning. Verdiane i dette landskapet er i stor grad dei leselege spora etter samspelet mellom
natur og menneske Utslåttar, steingardar, naustrekkjer, beiteskog og naturbeitemark.
Landbruksdirektoratet peiker på eit stort biologisk mangfald i edellauvskogane, eit aktivt
kulturvernarbeid, turisme og eit moderne landbruk som verdiar i Hjørundfjorden.
Ørsta har også sin eigen Masterplan for reiseliv. I denne er naturoppleving og friluftsliv sentrale
element, og landskapet Standal / Hjørundfjorden er i sentrum for slik satsing.


TILSTELLING OG TILBAKEFØRING
Det er positivt at ein no vil gjere noko med den høge skjeringa i Flotane som er godt eksponert frå
fjorden. Men dette må gjerast utan at tiltaksområdet (planområdet) vert utvida vesentleg vestover.
Der er det beitemark som må takast vare på. Tilstellinga bør følgje profilen som er lagt i nordkanten
av dette uttaket.
Tilstelling av slike areal er ikkje lett. Det krev kompetanse, og den finst mellom
restaureringsøkologar. Slik kompetanse bør leigast inn, og det bør stillast presise krav til når og
korleis eit areal skal vere tilbakeført. Enten til slåttemark, beitemark eller til tilnærma naturtilstand.
Det som skal tilbake til slåttemark må få ein heilt annan kvalitet / bonitet enn det som i dag er
tilbakeført.
Vi har sett fleire dømer på masseuttak og bergverksdrift som har meld oppbod og forlatt
uttaksområda utan midlar til opprydding. Er det pålegg i Standal knuseverk sin konsesjon om å setje
av midlar på sperra konto for avsluttande opprydding? Om ikkje, må kommunen stille krav om dette.


STRANDSONA.
Det er særs viktig at det ikkje vert opna for uttak for masse nær strandlina. Vi ser at markane sør for
utskipingskaia ligg inne i planområdet. Her må det ikkje gjerast nye inngrep. Utvidinga ved
industriområdet, omtalt i planframlegget 1.3 første kulepunkt, må difor ut av planen.
 No er det fire kaianlegg langs strandlina på Standal. Den gamle utskipingskaia ved elvaosen må
fjernast. Dette bør Ørsta kommune setje som krav for at ein ny driftsplan kan bli godkjend, og det bør
difor bli tema i planprosessen. Også her bør fagfolk konsulterast for å få området tilbake så nært opp
til det øyra-landskapet som ein gong var her. Til glede for fugl, fisk og friluftsliv og landskapsbilete.
(Det finst midlar til slikt arbeid gjennom fleire støtteordningar).
Sør for utskipingskaia renn ein bekk som fører finslam med seg til fjord og fjøre. Dette er ikkje
akseptabelt.

Avsetningane i fjordbotnen, så langt vi kunne sjå utan å dykke, viser at dette har gått
føre seg ei lengre tid. Det er ikkje berre eit regnversfenomen. Dette bør greiast ut i planarbeidet.
Vi vil og be om at verknaden av utsleppet på 35 meters djup vert kontrollert og vurdert som del av
ein biologisk rapport. Korleis har dette fungert til no? Bygg lausmassene seg opp eller vert dei
transportert bort med fjordstraumane? -Og vil denne løysinga tole ein auke i produksjonen? Vi er
skeptiske til bruken av Hjørundfjorden som slamdeponi. Naturmangfaldsloven sitt «føre- var»
prinsipp gjeld også på 35 meters djup. Om den noverande ordninga skal halde fram, må det stillast
krav om kontroll av livet på fjordbotnen kvart 5. år. Dette kan leggast inn som eit vilkår slik
planforslaget nemner i punkt 1.7.10.


AVRENNING TIL ELVA.

Vi har ved fleire høve registrert avrenning frå uttaket i Holen til Standalelva. Ved eit høve melde vi
dette inn til kommunen og Fylkesmannen. Vi legg ved bilete som dokumentasjon. Det er sjølvsagt
verst ved mykje nedbør, men på Sunnmøre er det normalt med lange periodar med mykje nedbør.
Det har nok vore avrenning så lenge knuseverket har vore i drift. Ved auka produksjon må systema
for oppsamling av slam gjerast på ein meir forsvarleg måte. Vi minner om at anadrom strekning går
oppstraums knuseverket.


OMRÅDET HOLEN – BRAUTENE.
Det er i området mellom uttaket i Holen og vestover mot Braurene vi finn dei største biologiske
verdiane. I sin biologiske rapport frå 2006 skriv Alv Ottar Folkestad:
«To område skil seg likevel ut og bør skjermast mot inngrep som endrar landskapsformer, vassvegar
og vegetasjon. Dette er område som både lokalt og regionalt har naturfaglege verdiar som merker
seg ut og som er viktige både for mangfaldet og for å sikre gode biotopar for bl.a. enkelte
raudlisteartar. Det gjeld: 1. Området aust for Nøvedalselva. 2. Skredvifta mot fjorden i sørkant av
Store-Standal.
I Ørsta formannskap sitt vedtak om reguleringsplan for Standal knuseverk 04.09.2007 (sak 207/
1325) er kulepunkt 2 ei av endringane som vart vedteke: «Deler av området mellom Nøvedalselva og
masseuttaket «Holen» må endrast frå jord- og skogbruksområde til friluftsområde eller
naturvernområde med tilhøyrande føresegner, jf. Rapporten om biologisk mangfald.» Vi kjenner ikkje
til desse føresegnene (om dei finst?), men reknar med at dei opnar for tradisjonell utmarksbruk.
Området er prega av gamle steingardar og restar av utløer og gamle slåttemarker. I dag vert det
brukt som beitemark. Tilkomsten til området er endra siste åra, - på ein lite gunstig måte.
Naturvernforbundet vil halde seg orientert om prosessen framover, og vil gjerne greie opp i
mistydingar og uklare formuleringar. Både Nordplan, kommunen og Standal knuseverk må gjerne ta
kontakt.


Med helsing,
Naturvernforbundet i Ørsta og Volda,

Knut Festø,
lokallagsleiar

Artikkelen ble sist oppdatert: 28.06.2020