Du er her:

Utsnitt frå heimesida til Ranglefant

Ranglefant er ei fotoverksemd.

Landingsløyve for helikopter i Ørsta - Naturvernforbundet med innspel

Selskapet "Ranglefant" har sendt søknad om helikopterlandingsløyve til Ørsta kommune. Naturvernforbundet har fleire innspel til søknaden.

I første søknaden seier søkjar: «Vår aktivitet er næringsvirksomhet som motorferdsel- regelverket ikke er ment å hindre.” Viss ein skal inn på ein slik tanke, vil ein også kunne seie at fotografering på ein fjelltopp for å marknadsføre banktenester eller sjokolade er næringsverksemd, og så klart må ein ha helikopterskyss når ein driv næring. I så fall har ein ikkje bruk for nokon motorferdselslov i det heile. Dette blir feil.

Det finst truleg store mengde film frå området allereie. Ytterlegare motorferdsel no er mest eigna til å rive ned den marknadsføringa som er gjort tidlegare. Heile Europa har sett Slogen og Hjørundfjorden frå lufta allereie. No er det tid for at sjåarane kan ta seg ein tur sjølv for å nyte området, utan støy og helikopter.

I fall det likevel blir vurdert å gje løyve: I tillegg til den reduksjonen av landingsplassar som søkar alt har gjort, ber Naturvernforbundet om at følgjande toppar blir fjerna frå lista: Store Smørskredstind og Brekketind. Desse omkransar området rundt Patchellhytta, som er eit attraktivt turområde for alle som vil på Slogen. Også i ein koronavinter. Naturvernforbundet reknar med at der er tinga overnattingar på hytta i denne perioden - av folk som ikkje reknar med helikopteraktivitet.

Laurdagar og søndagar må også haldast utanom perioden for flyging.

Artikkelen ble sist oppdatert: 27.02.2021