Du er her:

Området Naturvernforbundet ønskjer å kjøpe

Området Naturvernforbundet ønskjer å kjøpe.

Naturvernforbundet ønskjer å kjøpe ei myr

Den siste tida har det vore debatt om ei myr i Sunndal kommune. Naturvernforbundet ber om å få kjøpe myra for å sikre framtidige naturverdiar.

Naturvernforbundet ønskjer å bruke det aktuelle arealet som buffer for myra rundt, slik at ikkje tørkeskadar som alt har oppstått som følgje av anleggsverksemd dei siste åra skal få utvikle seg meir enn nødvendig.

Ei myr som fungerer som myr er ein god ting. Med nye planar for å unngå negative verknader av klimaendringar er myr ein heilt nødvendig ting. Dei seinare åra har ein tatt til å restaurere myr som har vore grøfta, slik at dei får tilbake sin opphavelege funksjon så langt råd. Vi er no komen inn i tiåret for naturrestaurering, der målet er å reparere 15 % av areal vi har meir eller mindre øydelagd. Ein kan jo starte med å ikkje øydelegge endå meir myr, sidan restaurering oftast er dyrare enn å la vere å øydelegge.


Sidan ei myr som er i orden leverer økosystemtenester i form av binding av karbon slik myra alltid har gjort, så gjev ikkje ei slik myr nokon avkasting som kan seljast. Ein kan ikkje selje noko som alle eig.

Verdien av ein eigedom speglar kva ein kan få i avkasting. Naturvernforbundet kan difor ikkje tilby meir enn kr 1 for det aktuelle arealet.

Artikkelen ble sist oppdatert: 27.02.2021