Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Vinnufossen i Sunndal. Foto: Naturvernforbundet

Vinnutrappa - bruk av naturmangfoldlova

Naturvernforbundet har innspel til planlegging av Vinnutrappa i Sunndal.

Naturvernforbundet er samd i at naturen i området er spektakulær. Det er difor lett å forstå kvifor det blir arbeidd med å gjere området tilgjengeleg for fleire gjennom prosjektet "Vinnutrappa".

Samstundes kan det å opne eit område for meir ferdsel ha negative konsekvensar på naturmangfoldet.

I si fråsegn til Sunndal kommune strekar Naturvernforbundet difor under at det er viktig at det blir gjennomført gode kartleggingar av naturverdiar i forkant av planlegginga av Vinnutrappa. Naturvernforbundet viser til at dette er eit krav i lovverket.

Artikkelen ble sist oppdatert: 07.03.2020