Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Uregistrert slåttemyr i Surnadal. Truga av utbygging av veg og parkeringsplass. Foto: Naturvernforbundet

Slåttemyrer i Surnadal

Naturvernforbundet har sendt over eit notat til Fylkesmannen i Møre og Romsdal om nokre myrer nord for Sjøasetervatnet i Surnadal. Bakgrunnen er planar om vegutbygging i området.

Naturvernforbundet konkluderer etter si synfaring med at det i området er fleire uregistrerte lokalitetar av slåttemyr av verdi A eller B, dvs. utvald naturtype, som høyrer under naturtypen semi-naturlig myr som er raudlista EN sterkt truga. Det er nødvendig med kartlegging av myrene i heile området til eit meir optimalt tidspunkt, så ein kan avgrense lokalitetane endeleg.

Tiltak i form av veg i området må handsamast etter naturmangfaldlova § 53.