Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Syltøran i Surnadal: Nedlagt avfallsdeponi med avfall i dagen. Typisk kjelde til marin forsøpling. Foto: Naturvernforbundet

Syltøran i Surnadal - Naturvernforbundet med mange innspel

Forslag til reguleringsplan for Syltøran - Brattørskogen er på høyring. Naturvernforbundet peiker på fleire moment som bør vurderast vidare i planarbeidet.

Naturvernforbundet har gjort ein grundig gjennomgang av planforslaget. Det er nokre viktige konklusjonar i denne gjennomgangen:

1) Det avslutta avfallsdeponiet er ikkje godt nok avslutta. Det er påvist avfall i dagen på grunn av manglande overdekking.

2) Det er ikkje berre i avfallsdeponiet det ligg avfall. Det er brukt avfall som fyllmasse fleire stader i området. Også ut i sjøen.

3) Det er påvist framande artar fleire stader i reguleringsområdet. Det bør liggje føre ein plan for fjerning av desse.

4) Det manglar kunnskap om naturmangfald i strandengområdet og overgangen mellom strandeng og skog. Det er difor ikkje godt nok grunnlag for å foreslå dette arealet som utbyggingsareal ut frå krava i naturmangfaldloven. Ytterlegare undersøkingar vil i tilfelle vere nødvendig.

Artikkelen ble sist oppdatert: 26.04.2020