Du er her:

Kalvehagen - park - leikeareal - skog. Foto: Øystein Folden

Kalvehagen - park - leikeareal - skog. Foto: Øystein Folden.

Det er berre ein hundremeterskog

Tingvoll kommune har greidd ut i alt 8 alternativ, men meiner at den einaste hundremeterskogen i Tingvollvågen er beste alternativ for habiliteringsbustader. Gjer vurderinga ein gong til, og tenk på meir enn berre habiliteringsbustadene.

At Tingvoll kommune må gjere noko med habiliteringsbustadene er det nok ikkje noko tvil om. Men må dei verkeleg plasserast på den einaste leikeplassen i sentrum der ein har park og skog i tillegg til ball-løkke? Kalvehagen brukast nok ikkje like mykje som før, men det er alltid slik at leikeplassar speglar dei som bur rundt. Akkurat no er det ikkje så mange småborn som bur i sentrum, men dette veksler over tid.

Kalvehagen er noko så sjeldant som eit stykke flatmark der ein ball ikkje vil trille på sjøen om han kjem på avvege. Mykje mjukt underlag er det og lite mikroplast. Det er såpass med skog i området at ein kan tillate seg å spikke ein grillpinne om ein treng også.

Å erstatte eit slikt leikeareal på fullverdig måte, det vil ein ikkje få til. Det er ikkje det same med leikeapparat av stål, med gummimattar under. Erstatningsområdet som er på tale vil dessutan gå av dyrka jorda i sentrum. Dermed blir det dobbelt ille.

Artikkelen ble sist oppdatert: 29.05.2022