Du er her:

Frå Naturvernforbundet sine slåttedagar på Vollasetra i 2018.

Frå Naturvernforbundet sine slåttedagar på Vollasetra i 2018.

Slåttekurs i Vermedalen

Likar du å slå med ljå? Eller vil du gjerne lære deg å bruke ljå? Eller er det først og fremst eit par dagar på ei seter i lag med andre som lokkar?

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kan igjen tilby slåtteoppleving i fjellet. I år skjer det på Vermedalssætran i Rauma kommune 11. og 12. juli.

Desse to slåttedagane blir lagt opp som eit kurs for dei som ikkje har slått så mykje med ljå før. For dei som er vante med ljå vil det vere mogleg å lære ein del om biologien og økologien knytt til slått og seterbruk. Det vil også vere andre oppgåver enn det som kan gjerast med ljå.

Same kva som er utgangspunktet, dette blir eit fellesskap i flotte fjell saman med folk ein kan bli kjent med. Det er berre 12 plasser på dette arrangementet.

Arrangementet er ein del av Norsk Fjellfestival. Påmelding skjer på deira nettsider: https://norskfjellfestival.no/arrangement/slottekurs-dugnad/dato/11-07-2022/tid/11-00/

Ønskjer du meir informasjon, send ein e-post til moreogromsdal@naturvernforbundet.no

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 04.06.2022