Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Øystein Folden ved Verma.

Stolt og glad for miljøprisen!

Fylkestinget tildelte miljøprisen for 2014 til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/fylkesleiar Øystein Folden. - Eg vil takke dykk på vegne av naturen i fylket vårt, sa fylkesleiar Øystein Folden i si takketale til fylkestinget i Møre og Romsdal.

Tale – Møre og Romsdal fylkes miljøpris 2014, tildelt Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

 

Takk for prisen. Vi er glade for å få denne prisen.

Det står ikkje noko i arbeidsplana om at miljøprisen er eit mål. Men vi har heilt sidan 1969 arbeidd for miljøet, og det ligg ufatteleg mange arbeidstimar bak den innsatsen vi har levert. Naturvernforbundet har ikkje hatt tilsette i Møre og Romsdal dei siste ti åra. Innsatsen må for det meste reknast som dugnad. I staden for å bruke mykje tid på å skaffe pengar, har vi bruka denne tida på å arbeide med saker, anten det er spørsmål om energisparing, vegframføringar, kollektivtrafikk, skogvern, familieturar i nærmiljøet eller mykje anna.

Naturvernforbundet skil seg noko frå dei andre miljøorganisasjonane ved at vi har organisasjonsledd på alle nivå. I tillegg til fylkesleddet har vi også lokallag i 11 kommunar og vi har medlemmer i alle kommunane i Møre og Romsdal. Lokallaga er i dag representert her ved Gunn Nordheim Morstøl som har vore lokallagsleiar i Rauma i tjue år, og no er styremedlem. Dessutan Knut Festø som er lokallagsleiar i Ørsta-Volda. Knut har dessutan bruka mange hundre timar på småkraftsaker og vatn på Sunnmøre dei siste åra.  Det er mange fleire der ute som på ulike vis er med på laget. Det er gjerne fleire her som er medlem, og det kan ordnast etterpå om nokon vil bli det no. Ta gjerne ein tur innom www.naturvernforbundet.no så ser de meir.

Jobben er ikkje gjort. Vi har aldri før hatt større evne til å flytte fjell enn vi har i dag, og når fjell blir flytta står miljøutfordringane i kø. Klimautfordringane og tap av biologisk mangfald er to av dei viktigaste. Den grunnleggande årsaka til problema er at vi forbrukar så veldig mykje meir enn det kloden vår tåler. Her har vi ein stor jobb å gjere alle saman. Det handlar om å bruke bussen i staden for bilen og flyet, om å ete meir potetar og korn, mindre kjøt. Det handlar om å gå på tur i skogen framfor i shoppingsenteret. Det er mykje kvar av oss kan gjere, og det er ikkje minst mykje politikarar kan gjere for at fellesskapet vårt går i rette retninga.

I moderne samfunnsplanlegging skal konsekvensar vurderast. I den samanhengen blir inngrep ofte omtala som middels negativt – kva tyder det? Middels er jo noko ein oftast reknar som greitt. Gjennomsnittleg, det er jo på mange måtar perfekt. Men når inngrepet er middels negativt tyder det at det ikkje er katastrofalt, det er berre halvveges ille.  Ofte meir enn nok ille til at vi etterpå tykkjer det er rart at vi meinte dette var greitt. Det er lett å bli lurt av slike omgrep om vi ikkje ser bak dei.

Då det var spørsmål om lokalisering av Ormen Lange, så blei det gjort arkeologiske utgravingar. Dei gamle som var der for 5000 år sidan sette spor etter seg som ein no bruker skei for å finne igjen. Svend Foyn som var innom der for vel hundre år sidan såg ein også spor etter, i form av nokre lastebillass med rustne tankar. Etter vår generasjon er heile landskapet endra, sandskiferen i Nordsjøen tom for olje og atmosfæren full av drivhusgassar som ikkje skal vere der. Vi etterlet oss tomme hol og ein kjempestor avfallshaug, i tillegg til at dei som kjem etter oss må betale gjelda fordi vi har levd på forskot. Kva er det med vår generasjon som gjer at vi har lov til å gjere noko slikt? 

Då har vi nok å tenkje på, takk for merksemda!

Artikkelen ble sist oppdatert: 23.12.2014