
Styret i det nye lokallaget. F.v. Anne Cathrine Holthe, Gro Santi Johnsen og Johan Fredrik Schmedling.
Nytt lokallag av Naturvernforbundet
Gratulerer, Averøy og Kristiansund. No har de fått lokallag av Naturvernforbundet.
Les mer
Protokoll frå stiftingsmøtet (pdf-fil, 339 kB)
På same måten som i Ålesund der Sula og Giske er med i same lokallag har fylkeslaget tilrådd felles lokallag for Averøy og Kristiansund. Utan eit samarbeid har det lett for å bli slik at kommunane rundt ikkje får til å lage lokallag sjølv, og då er eit samarbeid betre.
Lokallagsarbeidet er eit ubetalt arbeid. Dei som gjerne vil at noko skal skje må difor vere med litt sjølv for å få det til, men no er det altså mogleg. Dei som ikkje er medlemmer frå før kan melde seg inn på www.naturvern.no, og kontakt med lokallaget får ein på kristiansund@naturvern.no
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ønskjer lukke til!
Øystein Folden
Artikkelen ble sist oppdatert: 21.05.2011