Du er her:

E39 over Svartløken eller Ørskogfjellet? Spørsmålet er feil stilt

Naturvernforbundet er svært kritiske til Statens vegvesen si tilleggshøyring av konseptvalutgreiing for E39 mellom Digernes i Skodje og Vik i Vestnes. Tilleggsutgreiinga ser ut til å vere laga med eit veldig snevert mål for øye, nemleg kortare reisetid for personbilar mellom Molde og Ålesund. Slik Naturvernforbundet ser det, har både Statens vegvesen og politikarane ansvaret for å sikre ei rad andre viktige samfunnsmål, som å redusere klimagassutsleppa, få fleire reisande over på kollektivtrafikk, bevare naturmangfaldet og leggje til rette for friluftsliv og fysisk aktivitet.

Naturvernforbundet peikar på at denne saken viser at anten må Statens vegvesen utviklast frå ein vegetat til ein areal- og transportetat, eller så må konseptplanlegging heretter foregå i  samarbeid med andre fagstyresmakter. Desse fagstyresmaktene må få reell innverknad på sluttresultatet.

Naturvernforbundet saknar også ei utgreiing som følgjer opp Stortinget sitt vedtak i Nasjonal transportplan. I Nasjonal transportplan er det lagt til grunn at tiltak som forringar verneområde eller verdifulle naturområde skal unngåast så langt som råd ved å nytte løysingar som er mindre plasskrevjande og meir tilpassa naturgitte tilhøve. Etter transportplanen skal det også leggjast vekt på å sikre område som er viktige for å oppretthalde økologiske samanhenger i naturen.

Stortinget har også vedteke ein eigen lov, naturmangfaldloven, som alle privat og offentleg verksemd i Noreg skal forhalde seg til i si planlegging og si verksemd. Det å ikkje følgje opp med å vurdere konsekvensar for naturmangfald på ein etterretteleg måte, er ein saksbehandlingsfeil.

Statens vegvesen har "gløymd" å vurdere konsekvensane for kollektivtransport i tilleggsutgreiinga. Fylkesplanen for Møre og Romsdal legg til grunn at kollektivandelen av reisar skal auke monaleg. Då ligg det føre ei plikt for statleg verksemd til å vurdere om og korleis foreslåtte tiltak bidar til dette.

Naturvernforbundet meiner ein ny veg må planleggjast med fartsgrense 80 km/h. Det er to viktige grunnar til dette. For det første gir denne vegstandarden i større grad enn motorvegstandard høve til å tilpasse vegen til natur- og friluftsverdiane i området vegen går gjennom. For det andre aukar energibruken og annan forureining dramatisk med auka fart. Ein overgang til såkalla låg- eller nullutsleppsbilar vil berre i mindre grad bøte på dette; både energibruk og utslepp av slitepartiklar / mikroplast frå asfalt og bildekk og kollisjon med dyr er faktorar som framleis vil gi store utfordringar ved høgare fart.

Naturvernforbundet er sterkt usamd i dei vurderingane Statens vegvesen gjer når det gjeld naturverdiar i Solnørdalen. Det er uforståeleg for Naturvernforbundet at Statens vegvesen kan konkludere med at det ikkje er område med stor verdi for naturmangfald i Solnørdalen. Det er to lokalitetar i dette området som har fått høgaste verdi i det nasjonale systemet for kartlegging av naturmangfald. Dette gjeld særleg elvemuslingen, som er ein truga art der Noreg har eit viktig forvaltningsansvar. Undersøkingar i 2013 har vist er truga på grunn av forureining og inngrep i Solnørvassdraget.  Naturvernforbundet vil også minne om at den regionale forvaltningsplanen for vatn i Møre og Romsdal identifiserer så mykje som 15 tiltak for Solnørvassdraget.

Også ved Svartløkvatnet, som er eit friluftsområde med høg verdi for regionen, er det ei rekkje registreringar av verdifullt naturmangfald som Statens vegvesen overser i si utgreiing. Naturvernforbundet vil m.a. peike på at også Fyllingselva har elvemusling.

 

Naturvernforbundet konkluderer difor i si fråsegn slik:

  • Vi mener at det er en saksbehandlingsfeil når prinsippene i § 7 i naturmangfoldloven ikke er brukt i tilleggsutredningen.
  • Vi mener at det er store mangler i datamaterialet for temaet naturmangfold og spesielt om dyrelivet og rødlistearter.
  • Det er et viktig samfunnsmål å få en størst mulig overgang fra privatbilbruk til kollektive transportmidler. Vi ser at denne utfordringen mangler helt i konseptutredningen. Både når det gjelder muligheter og konsekvenser for kollektivtrafikken.
  • Vi mener at Statens vegvesen sin tilråding bygger på et vesentlig mangelfullt fakta- og vurderingsgrunnlag om verdien av det sammenhengende natur- og kulturlandskapsområdet mellom Fylling og Mevatnet.
  • Konflikten som det er vist til i vurderingene om K2 og verneområder på Ørskogfjellet, vurderer vi som lite konstruktive. I dette konseptet er det forholdet til Solnørdalen og livet i det vernede vassdraget som er den største utfordringen.
  • Vi mener at 0-alternativet er den beste løsningen. Det ødelegger minst natur og kan eventuelt utvides med krabbefelt/midtdeler i begge stigningene opp til Ørskogfjellet.
  • På grunn av miljøhensyn er vi imot at nye veger blir planlagt for en høyere fart enn 80 km/t. Bygging av 4-felts veger med høg fart ligger langt fra en bærekraftig utvikling av samfunnet. Transport og energiforbruk er også en del av framtidas utfordringer.
  • Vi er uenige i Statens vegvesen sin sterke vektlegging på pendlerregioner og der bruk av bil og høy hastighet er satt opp som det viktigste planmålet.

Artikkelen ble sist oppdatert: 21.02.2018