Du er her:

Ekspressbuss Vestlandet: Få fart på planane!


Foto: Svein Kvakland
Landsmøtet til Norges Naturvernforbund, samla i Bergen 21. - 23. august vedtok ei fråsegn om Ekspressbuss Vestlandet.

Hausten 2006 vedtok Vestlandsrådet, med tilslutning frå Sør-Trøndelag fylkeskommune, å opprette ei ekspressbussrute med avgang kvar time på strekninga Stavanger – Trondheim. Målet var å få oppretta ruta innan 2009. Naturvernforbundet, samla til landsmøte i Bergen i august 2009, har ikkje sett noko til denne ekspressbussen, og vil no be Vestlandsrådet få fart i planlegginga for å sikre at tilbodet kjem på plass snøggast råd.

Privatbil, og til dels fly, er dei dominerande reisemidla for reiser over lengre strekningar. Fly har til dømes ein marknadsdel på heile 65 % på reiser mellom Stavanger og Bergen. På strekninga Stavanger – Haugesund har hurtigbåten ein marknadsdel på 18 % og mellom Haugesund og Bergen 10 %. Ekspressbussane er fleksible. Dei tek opp passasjerar undervegs og får på det viset eit større passasjergrunnlag. Bussane er også meir miljøvennlege enn båt og fly. Dei har mindre energibruk og mindre utslepp. Ei gjennomgåande rute vil dessutan gi dei mindre folkerike kommunane mellom byane eit langt betre kollektivtilbod og medverke til å knyte landsdelen tettare saman og oppnå meir robuste arbeidsmarknadsregionar.

På bakgrunn av dette har Samferdselsdepartementet gitt løyvingar til prosjektet. Likevel er det i august 2009 ikkje noko som tyder på at Ekspressbuss Vestlandet vil kome på plass i 2009, det er til og med usikkert om 2010 vil gi Vestlandet betre kommunikasjonar.

Landsmøtet til Naturvernforbundet er skuffa over politikarane i Vestlandsrådet. I 2006 ønskja dei å etablere eit tilbod som kunne gi innbyggjarane høve til å reise meir miljøvennleg. Sidan 2006 har Vestlandsrådet stort sett nytta alle møtene sine til å etterlyse fleire og større vegprosjekt på Vestlandet, noko som stort sett vil gi auka klimagassutslepp.

No er tida komen for å ta klimautfordringa på alvor. Lat oss få Ekspressbuss Vestlandet på plass i løpet av 2010!

Forslagstillar var medlem i landsstyret frå Møre og Romsdal, Øystein Solevåg. Han har telefon 40 23 47 05.


Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen