Du er her:

Oppdrett ved Hammaren: Naturvernforbundet krev stans i saksbehandlinga


Fiskeoppdrettsanlegg Foto: Naturvernforbundet
Lerøy Hydrotech har søkt om løyve til etablere eit anlegg for oppdrett av laks utenfor Hammaren nord for Gyl i Tingvollfjorden. Naturvernforbundet i Tingvoll meiner saksbehandlinga er uforsvarleg etter naturmangfoldlova, og meiner søknaden må få avslag slik han ligg no.
Søknaden gjeld eit anlegg med inntil 3 120 tonn fisk (MTB). Selskapet har alt signalisert ønskje om i neste omgang å få godkjend anlegget for ein MTB på 6 240 tonn. Naturvernforbundet er svært kritiske til at det ikkje blir gjennomført konsekvensutgreiing for anlegget.